Delaware er ein delstat ved austkysten av USA. Hovudstaden er Dover medan den største byen er Wilmington. Delstaten var den fyrste som vart innlemma i USA. Delaware er den nest minste av delstatane i USA, etter Rhode Island. Han grensar mot Maryland og Pennsylvania.[1]

Delaware
delstat
Flagg
Våpen
Land  USA
Del av det kontinentale USA, South Atlantic states
Hovudstad Dover
Areal 6 447 km²
 •  land 5 060 km²
 •  vatn 1 387 km²
Folketal 961 939  (2017)
Folketettleik 190 / km²
Guvernør John Carney
Før innlemming Kolonien Delaware
Innlemma i USA 7. desember 1787
Statsnummer 1.
Forkorting DE
Kart
Delaware
39°00′N 75°30′W / 39°N 75.5°W / 39; -75.5
Kart som viser Delaware.
Kart som viser Delaware.
Kart som viser Delaware.
Wikimedia Commons: Delaware
Nettstad: delaware.gov
Brandywine Valley i Delaware.

Geografi

endre

Delaware utgjer den nordaustlege delen av Delmarva-halvøya som ligg mellom Chesapeake Bay og Delaware Bay. Området høyrer til den atlantiske kystsletta, og består av ei fruktbar, flat slette som sjelden når høgare enn 20 moh. Helt i nordvest hever låge åsparti seg opp til 134 moh. Delaware har temperert klima.[1]

 
Kyrkja «Old Swedes» bygd i 1699 av svenske innvandrarar.

Historie

endre

Delstaten har namn etter Delaware-elva som igjen var kalla opp etter engelske Thomas West, 3. baron De La Warr. Dette namnet blei også brukt om lenapefolka som budde nord i området. I tillegg til lenape var nanticokefolket i sør eit viktig urfolk. Dei første europeiske innvandrarane var nederlandske handelsfolk som grunnla kolonien Zwaanendael i 1631.[2] Svenskar skipa Nya Sverige her i 1638.

Delaware var ein av dei tretten koloniane som tok del i den amerikanske revolusjonen som førte til sjølvstende for USA. Han var den første staten som ratifiserte den amerikanske grunnloven, den 7. desember 1787, og er dermed blitt kjend som den første amerikanske delstaten eller «The First State».[3]

Næringsliv

endre
 
Hamna i Wilmington på 1920-talet.

Delstaten er hovudsakleg ein industristat, men vel halvparten av landarealet blir nytta til jordbruk. Dei viktigaste produkta er soyabønner, mais, asparges og fjørfe (broilerar). Industrien er konsentrert i og omkring Wilmington og omfattar mellom anna skipsverft, bilfabrikkar, kjemisk industri (Du Pont de Nemours) og bomullsindustri. Chesapeake and Delaware-kanalen, som går gjennom nordre delen av delstaten, har stor økonomisk tyding.[1]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 «Delaware» (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Fri artikkel henta 25. april 2015.
  2. «A brief history». State of Delaware. 
  3. Sirevåg, Torbjørn. «Delawares historie» (25. november 2014). I Store norske leksikon.

Bakgrunnsstoff

endre
  Denne geografiartikkelen som har med USA å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.