Faktaboks

Også kjend som
jiddisch, jiddish. Engelsk yiddish, tysk jiddisch, jiddisk ייִדיש
Etymologi

av tysk jüdisch, ‘jødisk’

Uttale
jˈiddisk
Språkkodar
yi, yid (YI, YID)
ISO-639:3
yid

Jiddisk er eit språk som høyrer til den germanske språkgruppa i den indoeuropeiske språkfamilien. Jiddisk er eit av hovudspråka for jødane ved sida av hebraisk, ladino og judeo-arabisk. Jiddisk har utvikla seg frå middelhøgtyske dialektar, men med mange hebraiske lånord. Dessutan har slavisk spelt ei viss rolle. Jiddisk blir skrive med hebraisk skrift.

Jiddisk blir ofte omtalt som eit «blandingsspråk», men dei hebraiske låna er mindre dominerande enn dei lågtyske lånorda i norsk eller dei franske lånorda i engelsk. Eit blandingsspråk er eit språk som kombinerer aspekt frå to eller flere språk, slik at det ikkje kan seiast å ha utvikla seg direkte frå noko av dei to språka, og jiddisk er ikkje eit slikt språk.

Det er ikkje heilt sikkert kor mange som snakkar jiddisk i dag. Tala i litteraturen varierer frå 3 millionar til under 0,5 millionar. Det er flest talarar i Israel, USA, Canada, Argentina, Sør-Afrika og i det tidlegare Sovjetunionen. Dei fleste landa i Aust-Europa har ein jiddisktalande minoritet.

Jiddisk er etter lova, om ikkje i praksis, eit av dei offisielle språka i Yidishe avtonome gegnt אווטאָנאָמע ייִדישע געגנט Det jødiske sjølvstyrde området aust i Russland. I 1999 vedtok den svenske riksdagen å gjere jiddisk til eit av fem offisielle minoritetsspråk i Sverige, der det er rundt 4000 jiddisktalande. Det har også offisiell status som minoritetsspråk i Moldova og Nederland. Jiddisk er derimot ikkje offisielt språk i Israel, men det finst mellom anna eit jiddiskspråkleg teater der.

Jiddisk heiter yidish ייִדיש ‘jødisk’ – eller mame-loshn מאַמע־לשון ‘morsmålet’, i motsetnad til loshn-koydesh לשון־קודש ‘heilag-språket’, ei samnemning på dei bibelske språka hebraisk og arameisk. ‘Jøde’ heiter yid ייִד. På norsk er det òg vanleg å kalle språket jiddisch.

Språkfamilie

Jiddisk høyrer til den høgtyske gruppa av vestgermanske språk, som saman med nordgermansk utgjer den germanske greina av den indoeuropeiske språkfamilien.

Dialekter

Jiddisk oppstod i mellomalderen i to hovuddialektar: ein vestleg og ein austleg. Den vestlege dialekten var den opphavlege og vart utvikla i Nord-Frankrike, Tyskland, Böhmen, Mähren og Nord-Italia. Den er no så godt som utdøydd. Den austlege dialekten vart utvikla seinare på 1200–1500-talet i Litauen, Polen, Belarus, Romania og Ukraina. I Tyskland gjekk jødane i hovudsak over til å snakke tysk på 1700-talet.

Det er den austlege dialekten av jiddisk som blir brukt som litteraturspråk. Den austlege dialekten har tre underdialektar: litauisk, polsk og ukrainsk, også kalla nordaustleg, sentral og søraustleg. Litteraturspråket bruker hovudsakleg lydsystemet i den litauiske og grammatikken i den polske dialekten.

Språkhistorie

Kring år 1000 busette jødar frå Frankrike og Sør-Europa seg i den sørlege delen av Tyskland, som dei kalla Ashkenaz אַשכּנז. Dei byrja å tale høgtyske dialektar, skreiv dei med hebraisk skrift og lånte mange ord frå hebraisk og arameisk. På grunn av jødeforfølgingar i samband med krosstoga og svartedauden flykta mange jiddisktalande jødar til Aust-Europa, og det førte til slavisk påverknad i både ordtilfang og uttale.

Før den andre verdskrigen var jiddisk førstespråket til mellom 11 og 13 millionar askenasiske jødar, først og fremst i Aust-Europa. Eit fleirtal av dei 5–6 millionar jødane som blei drepne i den nazistiske jødeutryddinga, snakka jiddisk.

Ei rettskriving basert på det latinske alfabetet er utvikla av YIVO ייִוואָ, Yidisher Visnshaftlekher Institut ייִדישער װיסנשאַפֿטלעכער אינסטיטוט , ‘Jiddisk vitskapleg institutt’ som no held til i New York, men blei skipa i 1925 i byen Vilna ווילנאַ – då Wilno i Polen, no Vilnius i Litauen – av europeiske jødiske intellektuelle som Albert Einstein og Sigmund Freud.

Språksystem

På jiddisk blir zikh זיך – historisk same ord som tysk sich ‘seg’ – nytta som refleksivt pronomen i alle personar, slik at ‘eg vaskar meg’ og ‘du vaskar deg’ heiter ikh vash zikh איך וואַש זיך og du vashst zikh דו וואַשסט זיך . Det kjem av slavisk påverknad.

Nokre skilnader mellom jiddisk og tysk kjem fram i Lomir helfn dem man מאַן דעם ןפֿהעל לאָמיר ‘la oss hjelpe mannen’ – jamfør tysk Lasst uns dem Mann helfen. Jiddisk har dei samandregne formene lomikh לאָמיך ‘la meg’ og lomir לאָמיר ‘la oss’. ‘Vi’ heiter mir מיר; tysk har wir. Infinitiv står ikkje sist i setninga, men framfor objektet. Den bundne artikkelen i hankjønn eintal heiter der דער i nominativ og dem דעמ i både akkusativ og dativ, medan tysk skil mellom akkusativ den og dativ dem.

Lånord

Sjofel ‘låk’, ‘simpel’, ‘tarveleg’ kjem av jiddisk shofel שפל, med om lag same tydinga. Ordet kom ikkje beinvegen til norsk frå jiddisk, men via tysk schofel og dansk sjofel. Det er opphavleg eit hebraisk ord, šɔ̄fɔ̄l שפל ‘låg av høgd, ‘låg av status’, ‘audmjuka’, ‘audmjuk’.

Agurktid ‘sumarferietid med lite stoff for avisene’ har jiddiske røter. Det er ei omsetjing av tysk Sauregurkenzeit ‘suragurktid’ – som truleg er ei forvansking av jiddisk tsores- un yakres-tsayt טיקרות־צײַ און צרות־ ‘naud- og knappleiks-tid’.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Hans Peter Althaus: Kleines Lexikon deutscher Wörter jiddischer Herkunft. Verlag C.H. Beck, München 2006
  • Benjamin Blech: The Complete Idiot’s Guide to Learning Yiddish. Alpha Books, New York 2000
  • Joshua Fishman (ed.): Never Say Die! A Thousand Years of Yiddish in Jewish Life and Letters. Mouton Publishers, The Hague/Paris/New York 1981
  • Neil G. Jacobs: Yiddish. A Linguistic Introduction. Cambridge University Press, Cambridge 2009
  • Lily Kahn: Colloquial Yiddish. The Complete Course for Beginners. Routledge, London/New York 2012
  • Dovid Katz: Words on Fire. The Unfinished Story of Yiddish. Basic Books, New York 2004
  • Uriel Weinreich: College Yiddish. An Introduction to the Yiddish Language and to Jewish Life and Culture. 50th Anniversary Edition. Sixth Revised Edition. YIVO Institute for Jewish Research, New York 1999
  • Uriel Weinreich: Modern English–Yiddish Yiddish–English Dictionary. YIVO Institute for Jewish Research. Schocken Books, New York 1977
  • David Bridger: Der onheiber. The Beginner. Farlag Matones, Nyu-York 1947 [Opptrykk i Sverige i 2002: Printed in Sweden by Författares Bokmaskin, Stockholm, med eit ekstra hefte: Supplement till Der ónheiber. Nybörjaren. Lärobok i jiddisch för ungdomar och vuxna. Transkriberad och översatt. Svensk bearbetning: Lennart Kerbel, Peter David. Megilla-Förlaget, Bromma 2002]

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg