Kypros debuterte i Eurovision Song Contest i 1981 og har delteke i tevlinga 38 gongar. Kypros har aldri vunne Eurovision Song Contest, og er per 2022 det landet som har delteke flest gongar utan å vinne.[1] Kypros har ein andreplass som beste plassering, i 2018 med Eléni Fouréira og songen «Fuego». Sidan innføringa av semifinalar i 2004, har Kypros kvalifisert seg til finalen 10 av 17 gongar.
Det er den kypriotiske kringkastaren RIK som har ansvaret for å velje artist og song som skal representere Kypros i Eurovision Song Contest. Debuten kom i 1981, med gruppa Island og songen «Mónika». Det kypriotiske bidraget havna på ein sjetteplass, noko som framleis er eit av dei beste plasseringane til Kypros i Eurovision Song Contest. Kypros fekk nok ein god plassering året etter, då ein av det store songstjernane i Kypros, Ánna Víssi, fekk ein femteplass med songen «Móno i agápi». Songen fekk blant anna 12 poeng frå den norske juryen.[2]
I Bergen i 1986, fekk Kypros sin fyrste og førebels einaste sisteplass med Elpída og «Tóra zo». To år seinare trekte Kypros seg frå tevlinga då det viste seg at vinnarlåten i den kypriotiske finalen «Thimáme» tidlegare hadde vore sendt inn til den kypriotiske finalen i 1984, noko som var eit brudd på dei kypriotiske tevlingsreglane.[3] Kypros stod også over Eurovision Song Contest i 2001 på grunn av dårlege resultat åra før, og i 2014 på grunn av økonomiske problem. Kypros returnerte til tevlinga året etter og har delteke sidan.[4]
Per 2019 har Kypros delteke 36 gongar og er det landet som har delteke flest gongar utan å vinne.[5] Men i 2018 var Kypros svært nære ved å vinne for fyrste gong, då Eléni Fouréira kom på andreplass med songen «Fuego».