Musikkgruppa Island
Island | |||
Opphav | Kypros | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1981-ukjend dato | ||
Sjanger | pop | ||
Siste medlemmer | Aléxia Vassilíou Areti Kassapi Haralbidou Aristos Moskovakis Roger Lee Dóros Georgiádis |
Island var ei kypriotisk musikkgruppe som var sett saman av Aléxia Vassilíou, Areti Kassapi Haralbidou, Aristos Moskovakis, Roger Lee og Dóros Georgiádis. Gruppa vart skipa for å representere Kypros i Eurovision Song Contest 1981 i Dublin i Irland.
Eurovision
[endre | endre wikiteksten]Eurovision Song Contest 1981
[endre | endre wikiteksten]Radiofonikó Ídrima Kýprou hadde ein intern uttaking der dei valde ut bidraget som representerte Kypros i Eurovision Song Contest 1981.[1] Bidraget vart «Mónika», skriven av Dóros Georgiádis og Monika Mickutė, og framført på gresk av Island. Gruppa vart sett saman spesielt til Eurovision Song Contest 1981, og medlemmene var Aléxia Vassilíou, Areti Kassapi Haralbidou, Aristos Moskovakis, Roger Lee og Dóros Georgiádis. I finalen enda Kypros på sjetteplass med 69 poeng; tolv frå Hellas, ti frå Storbritannia, åtte frå Nederland og Irland, sju frå Noreg og Belgia, seks frå Jugoslavia, fem frå Israel og tre frå Danmark og Sveits. Dette var fyrste året landet deltok i Eurovision Song Contest samt ein av dei beste plasseringane landet har fått fram til i dag.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Chipre Eurovisión 1981» (på spansk). eurovision-spain.com. Henta 19. april 2014.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Island (music group)» frå Wikipedia på engelsk, den 19. april 2014.