Hopp til innhald

Litauen i Eurovision Song Contest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Litauen

Offisielt Litauen

LRT
Uttakingar
Nasjonalt 22
Internt 1
Deltaking
Debutår 1994
Deltakingar 23
Beste resultat
Semifinalen 3 (2012)
Finalen 6 (2006)
Verste resultat
Semifinalen Sist (2005)
Finalen Sist (1994)
Poeng
Semifinalane 1 635
Finalane 1 309
Totalt 2 944

Litauen debuterte i Eurovision Song Contest i 1994 og har delteke 23 gongar i tevlinga. Litauen har aldri vunne Eurovision Song Contest og har nådd topp ti ved tre anledningar: ein sjetteplass i 2006, ein niandeplass i 2016 og ein åttandeplass i 2021. Etter innføringa av semifinalar i 2004, har Litauen kvalifisert seg til finalen 12 av 19 gongar.[1]

Det er den litauiske ålmennkringkastaren Lietuvos nacionalinis radijas ir televizija (LRT) som sender Eurovision Song Contest i Litauen, og som vel det litausike bidraget til tevlinga. I 1994 deltok Litauen i Eurovision Song Contest for fyrste gong, med Ovidijus Vyšniauskas og songen «Lopšinė mylimai». Songen og artisten var valde internt av tv-kanalen, men sidan har alle litauiske bidrag blitt kåra gjennom ein nasjonal finale. Litauen fekk ein verst tenkeleg start då «Lopšinė mylimai» kom heilt sist utan poeng i Dublin i Irland.

Fråvær og retur

[endre | endre wikiteksten]
Donny Montell har delteke to gongar for Litauen i Eurovision Song Contest.

Etter sisteplassen heldt landet seg borte frå tevlinga, men returnerte i 1999 med Aistė og songen «Strazdas». Ho framførte bidraget på samogitisk, ei litauisk dialekt. Ho vart berre nummer 20 av 23, og dimed måtte Litauen stå over tevlinga i 2000. Eit middels resultat i 2001 og ein nest sisteplass i 2002 førte til at Litauen måtte stå over tevlinga i 2003.

Frå 2004 deltok Litauen i semifinalar og kom på sisteplass i semifinalen i 2005. Året etter kvalifiserte Litauen seg for fyrste gong med gruppa LT United og «We Are the Winners». Låten kom på ein sjetteplass, noko som framleis er den beste plasseringa til Litauen i Eurovision Song Contest. Sidan har resultata til Litauen svinga, og Litauen kvalifiserte seg ikkje til finalen i 2008, 2010 og 2014. I 2016 fekk Litauen sin til då nest beste plassering, då Donny Montell sang Litauen inn til ein niandeplass med «I've Been Waiting for This Night». Denne plasseringa vart slegen av The Roop i 2021, som fekk ein åttandeplass med «Discoteque».

Lange nasjonale finalar

[endre | endre wikiteksten]

Med unntak av 1994 har Litauen valt ut sine bidrag gjennom ein nasjonal finale. Frå 2013 til 2019 vart dei litauiske bidraga valde gjennom den nasjonale finalen "Eurovizijos" dainų konkurso nacionalinė atranka (Eurovision Song Contest, nasjonal utveljing). Gjennom denne utveljinga vart Litauen etter kvart kjent for sine lange og kronglete uttakingar; i 2015 var det åtte show før vinnaren vart kåra, og i 2016 var det heile ti show.[2] Dette vekte også oppsikt i Noreg, og under norske Melodi Grand Prix 2016 viste NRK direktebilete frå den åttande litauiske delfinalen, som gjekk samstundes som den norske finalen.[3] Sidan 2020 har dei litauiske bidraga verte valde gjennom den nasjonale finalen Pabandom iš naujo! (Vi prøver igjen!).[4]

År Artist Song Språk Finalen Semifinalen
Poeng Plass Poeng Plass
1994 Ovidijus Vyšniauskas «Lopšinė Mylimai» Litauisk 0 25 Ingen semifinalar
Deltok ikkje 19951998
1999 Aistė «Strazdas» Samogitisk 13 20
2000 Deltok ikkje
2001 SKAMP «You Got Style» Engelsk og litauisk 35 13
2002 Aivaras «Happy You» Engelsk 12 23
2003 Deltok ikkje
2004 Linas og Simona «What's Happened To Your Love?» Engelsk Ikkje kvalifisert 26 16
2005 Laura and The Lovers «Little By Little» Engelsk 17 25
2006 LT United «We Are the Winners» Engelsk 162 6 163 5
2007 4Fun «Love or Leave» Engelsk 28 21 Topp 10 året før
2008 Jeronimas Milius «Nomads in the Night» Engelsk Ikkje kvalifisert 30 16
2009 Sasha Son «Love» Engelsk og russisk 23 23 66 9
2010 InCulto «Eastern European Funk» Engelsk Ikkje kvalifisert 44 12
2011 Evelina Sašenko «C'est ma vie» Engelsk og fransk 63 19 81 5
2012 Donny Montell «Love Is Blind» Engelsk 70 14 104 3
2013 Andrius Pojavis «Something» Engelsk 22 17 53 9
2014 Vilija Matačiūnaitė «Attention» Engelsk Ikkje kvalifisert 36 11
2015 Monika Linkytė og Vaidas Baumila «This Time» Engelsk 30 18 67 7
2016 Donny Montell «I've Been Waiting For This Night» Engelsk 200 9 222 4
2017 Fusedmarc «Rain of Revolution» Engelsk Ikkje kvalifisert 42 17
2018 Ieva Zasimauskaitė «When We're Old» Engelsk og litauisk 181 12 119 9
2019 Jurij Veklenko «Run with the Lions» Engelsk Ikkje kvalifisert 93 11
2020 The Roop «On Fire» Engelsk Avlyst
2021 The Roop «Discoteque» Engelsk 220 8 203 4
2022 Monika Liu «Sentimentai» Litauisk 128 14 159 7
2023 Monika Linkytė «Stay» Engelsk og litauisk 127 11 110 4
2024 Silvester Belt «Luktelk» Litauisk

Røystehistorikk

[endre | endre wikiteksten]

Oversikt over poeng til og frå Litauen i finalar og semifinalar sidan debuten i 1994. Tala er henta frå nettstaden ESC Database. Ved like mange poeng, blir landa rangerte etter kor mange prosent dei har gjeve av høgaste moglege oppnåeliee totalscore.[5]

Litauen har gjeve flest poeng til
# Land Poeng
01 Ukraina 138
02 Sverige 131
03 Russland 129
04 Latvia 91
05 Estland 90

Litauen har fått flest poeng frå
# Land Poeng
01 Latvia 136
02 Irland 116
03 Storbritannia 103
04 Estland 78
05 Georgia 75

Semifinalane (1994–2019)

[endre | endre wikiteksten]

Litauen har gjeve flest poeng til
# Land Poeng
01 Latvia 98
02 Georgia 78
03 Noreg 72
Ukraina
05 Kviterussland 71

Litauen har fått flest poeng frå
# Land Poeng
01 Storbritannia 115
02 Irland 113
03 Latvia 93
04 Noreg 89
05 Kviterussland 65

Kommentatorar og poengopplesarar

[endre | endre wikiteksten]
År Kommentator Poengopplesar
1970 Sendt i Sovjetunionen Litauen deltok ikkje
19711977 Ikkje sendt
1978 Sendt i opptak i Sovjetunionen
19791989 Ikkje sendt
1990 Sendt i Sovjetunionen
19911993 Ikkje sendt
1994 Darius Užkuraitis Gitana Lapinskaitė
1995 Ikkje sendt Litauen deltok ikkje
1996 ukjend
19971998 Ikkje sendt
1999 Darius Užkuraitis Andrius Tapinas
2000 Litauen deltok ikkje
2001 Loreta Tarozaitė
2002
2003 Litauen deltok ikkje
2004 Rolandas Vilkončius
2005
2006 Lavija Šurnaitė
2007
2008 Rolandas Vilkončius
2009 Ignas Krupavičius
2010 Giedrius Masalskis
2011
2012 Ignas Krupavičius
2013
2014
2015 Ugnė Galadauskaitė
2016
2017 Darius Užkuraitis og Gerūta Griniūtė Eglė Daugėlaitė
2018
2019 Giedrius Masalskis
2021 Ramūnas Zilnys[6] Andrius Mamontovas[7]
2022 Vaidotas Valiukevičius[8]
2023 Monika Liu[9]

Referanser

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Lithuania – Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 18. desember 2016. 
  2. Jakov I. Leon (12. mars 2016). «It's Donny Montell for Lithuania!». eurovision.tv. Henta 18. desember 2016. 
  3. «Melodi Grand Prix 2016 – finale». Norsk rikskringkasting. 27. februar 2016. Henta 18. desember 2016. 
  4. Granger, Anthony (7. januar 2020). «Lithuania: Eurovizijos Atranka Renamed to ‘Pabandom iš naujo’». Eurovoix.com. Henta 18. april 2022. 
  5. «Eurovision Song Contest Database». eschome.net. ESC Database. mai 2023. Henta 1. juni 2023.  Gå til seksjonen «Voting», og nest siste linje: «Total number of...» Vel «all final points», vel «Lithuania» og deretter ønska tidsperiode. Trykk deretter på pilen for å få opp liste over poenga.
  6. «Ilgai laukta „The Roop“ kelionė į Roterdamą ir pirmoji repeticija ant „Eurovizijos“ scenos». lrt.lt (på litauisk). 5. mai 2021. Henta 19. mai 2021. 
  7. Granger, Anthony (18. mai 2021). «🇱🇹 Lithuania: Andrius Mamontovas Spokesperson For Eurovision 2021». Eurovoix (på engelsk). Henta 19. mai 2021. 
  8. Farren, Neil (27. april 2022). «🇱🇹 Lithuania: Vaidotas Valiukevičius Revealed As Eurovision 2022 Spokesperson». Eurovoix (på engelsk). Henta 11. mai 2022. 
  9. Granger, Anthony (9. mai 2023). «🇱🇹 Lithuania: Monika Liu Spokesperson for Eurovision 2023». Eurovoix (på engelsk). Henta 12. mai 2023. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]