Hopp til innhald

Kantonen Solothurn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Solothurn
tysk Solothurn, fransk Soleure, italiensk Soletta, retoromansk Soloturn
kanton
Flagg
Symbol
Land  Sveits
Del av Nordvest-Sveits, Espace Mittelland
Hovudstad Solothurn
Areal 790,45 km²
Folketal 273 194 (31. desember 2018)[1]
Språk tysk
Kart
Kantonen Solothurn
47°09′00″N 7°38′00″E / 47.15°N 7.6333333333333°E / 47.15; 7.6333333333333
Wikimedia Commons: Canton of Solothurn
Panorama over delar av Solothurn, frå fjelltoppen Röti

Solothurn er ein av kantonane i Sveits. Han ligg i den nordvestlege delen av landet, og grensar i vest og sør mot Bern, i aust mot Aargau, og i nord mot Basel-Landschaft. To av dei ti (statistiske) distrikta er enklavar og ligg ved den franske grensa. Hovudstaden er Solothurn, medan den største byen er Olten.

Kantonen har i overkant av 250 000 innbyggjarar, og er hovudsakleg tyskspråkleg; tysk er det offisielle språket. Ca. 60 % av befolkninga er katolsk, og resten hovudsakleg protestantisk.

Territoriet til kantonen består av land som i si tid har vorte kjøpt opp av hovudstaden. Det er grunnen til den spreidde landmassen, som inkluderer to ekslavar langs den franske grensa. Desse eksklavane er skilt frå resten av kantonen Solothurn av Basel-Landschaft, og som dannar separate distrikt i kantonen.

Mellom 1798 og 1803 var kantonen Solothurn med i republikken Helvetia. I 1803 Solothurn var ein av dei 19 sveitsiske kantonane som vart rekonstruert gjennom ein meklingsavtale der Napoleon var avgjerande meklar. Trass i at folket var strengt katolske, gjekk ikkje Solothurn med i den katolske separatistrørsla Sonderbund i 1845. Like eins vart dei føderale grunnlovene av 1848 og 1874 godkjende. Den noverande grunnlova for kantonen er frå 1987.

Kantonen har 120 kommunar (Einwohnergemeinden).

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]