Hopp til innhald

Kantonen Jura

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Solothurn
tysk Jura, fransk Jura, italiensk Giura, retoromansk Giura
kanton
Symbol
Land  Sveits
Hovudstad Delémont
Areal 838,51 km²
Folketal 73 419 (31. desember 2018)[1]
Språk fransk
Kart
Kantonen Jura
47°22′00″N 7°09′00″E / 47.366666666667°N 7.15°E / 47.366666666667; 7.15
Wikimedia Commons: Canton of Jura

Republikken og kantonen Jura (fransk République et Canton du Jura) er den nyaste av kantonane i Sveits og ligg i den nordvestlege delen av landet. Hovudstaden i kantonen er Delémont.

Distrikt og kommunar

[endre | endre wikiteksten]

Jura omfattar tre distrikt, som er delt opp i til saman 83 kommunar. Dei tre distrikta er Delémont, Porrentruy og Franches-Montagnes.

Samfunn og soge

[endre | endre wikiteksten]

Fransk språk er kantonsspråk. Den einaste kommunen som er tyskspråkleg er Ederswiler i nordaust.

Dei fleste innbyggarane i Jura soknar til den romersk-katolske kyrkja.

Jura vart skilt ut frå kantonen Bern i 1979 etter lang tids strid. Bern er hovudsakleg tyskspråkleg og protestantisk, medan Jura er franskspråkleg og katolsk.