Hopp til innhald

Kypros i Eurovision Song Contest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kypros


RIK
Uttakingar
Nasjonalt 20
Internt 18
Deltaking
Debutår 1981
Deltakingar 38
Beste resultat
Semifinalen 2 (2018)
Finalen 2 (2018)
Verste resultat
Semifinalen 18 (2011)
Finalen Sist (1986)
Poeng
Semifinalane 1 413
Finalane 2 006
Totalt 3 419

Kypros debuterte i Eurovision Song Contest i 1981 og har delteke i tevlinga 38 gongar. Kypros har aldri vunne Eurovision Song Contest, og er per 2022 det landet som har delteke flest gongar utan å vinne.[1] Kypros har ein andreplass som beste plassering, i 2018 med Eléni Fouréira og songen «Fuego». Sidan innføringa av semifinalar i 2004, har Kypros kvalifisert seg til finalen 10 av 17 gongar.

Det er den kypriotiske kringkastaren RIK som har ansvaret for å velje artist og song som skal representere Kypros i Eurovision Song Contest. Debuten kom i 1981, med gruppa Island og songen «Mónika». Det kypriotiske bidraget havna på ein sjetteplass, noko som framleis er eit av dei beste plasseringane til Kypros i Eurovision Song Contest. Kypros fekk nok ein god plassering året etter, då ein av det store songstjernane i Kypros, Ánna Víssi, fekk ein femteplass med songen «Móno i agápi». Songen fekk blant anna 12 poeng frå den norske juryen.[2]

I Bergen i 1986, fekk Kypros sin fyrste og førebels einaste sisteplass med Elpída og «Tóra zo». To år seinare trekte Kypros seg frå tevlinga då det viste seg at vinnarlåten i den kypriotiske finalen «Thimáme» tidlegare hadde vore sendt inn til den kypriotiske finalen i 1984, noko som var eit brudd på dei kypriotiske tevlingsreglane.[3] Kypros stod også over Eurovision Song Contest i 2001 på grunn av dårlege resultat åra før, og i 2014 på grunn av økonomiske problem. Kypros returnerte til tevlinga året etter og har delteke sidan.[4]

Per 2019 har Kypros delteke 36 gongar og er det landet som har delteke flest gongar utan å vinne.[5] Men i 2018 var Kypros svært nære ved å vinne for fyrste gong, då Eléni Fouréira kom på andreplass med songen «Fuego».

År Artist Song Språk Finalen Semifinalen
Poeng Plass Poeng Plass
1981 Island «Mónika» Gresk 69 6
1982 Ánna Víssi «Móno i agápi» Gresk 85 5
1983 Stavros Siderás og Konstantína «I agápi akoma zi» Gresk 26 16
1984 Andy Paul «Anna Maria Léna» Gresk 31 15
1985 Lia Vissi «To katálava argá» Gresk 15 16
1986 Elpída «Tóra zo» Gresk 4 20
1987 Alexia «Áspro-mavro» Gresk 80 7
1988 Jánnis Dimitríou «Thimáme» Gresk Trekt
1989 Jánnis Savidákis og Faní Polyméri «Apópse as vrethúme» Gresk 51 11
1990 Kháris Anastasíou «Milás polý» Gresk 36 14
1991 Élena Patróklou «SOS» Gresk 60 9
1992 Evrydíki «Teriázume» Gresk 57 11
1993 Kyriákos Zoumpoulákis og Dímos Van Béke «Mi stamatás» Gresk 17 19
1994 Evrydíki «Íme ánthropos ki egó» Gresk 51 11
1995 Aléxandros Panají «Sti fotiá» Gresk 79 9
1996 Konstantínos «Móno ja mas» Gresk 72 9 42 15
1997 Khará og Andréas Konstantínou «Mána mou» Gresk 98 5
1998 Mikhális Khatzijánnis «Jénesis» Gresk 37 11
1999 Marlén Angelídou «Tha 'ne érotas» Gresk 2 22
2000 Voice «Nómiza» Gresk og italiensk 8 21
2002 One «Gimme» Engelsk 85 6
2003 Stélios Konstantás «Feeling Alive» Engelsk 15 20
2004 Lisa Andreas «Stronger Every Minute» Engelsk 170 5 149 5
2005 Konstantínos Khristofórou «Ela Ela (Come Baby)» Engelsk 57 15 Direktekvalifisert
2006 Annét Artáni «Why Angels Cry» Engelsk Ikkje kvalifisert 57 15
2007 Evrydíki «Comme ci, comme ça» Fransk 65 15
2008 Evdokía Kadí «Femme Fatale» Gresk 36 15
2009 Khristína Metaxá «Firefly» Engelsk 32 14
2010 Jon Lilygreen og The Islanders «Life Looks Better in Spring» Engelsk 27 21 67 10
2011 Khristos Mylórdos «San ángelos s'agápisa» Gresk Ikkje kvalifisert 16 18
2012 Ívi Adámou «La La Love» Engelsk 65 16 91 7
2013 Déspina Olympíou «An me thimáse» Gresk Ikkje kvalifisert 11 15
2015 Jánnis Karajánnis «One Thing I Should Have Done» Engelsk 11 22 87 6
2016 Minus One «Alter Ego» Engelsk 96 21 164 8
2017 Hovig «Gravity» Engelsk 68 21 164 5
2018 Eléni Fouréira «Fuego» Engelsk 436 2 262 2
2019 Tamta «Replay» Engelsk 109 13 149 9
2020 Sandro «Running» Engelsk Tevling avlyst
2021 Élena Tsagkrinoú «El Diablo» Engelsk og spansk 94 16 170 6
2022 Andromache «Ela» Engelsk og gresk Ikkje kvalifisert 63 12
2023 Andrew Lambrou
2024 Silia Kapsis

Røystehistorikk (1981-2021)

[endre | endre wikiteksten]

Kypros har gjeve flest poeng til
Nr. Land Poeng
1 Hellas 348
2 Spania 128
3 Russland 120
4 Italia 119
Sverige

Kypros har fått flest poeng frå
Nr. Land Poeng
1 Hellas 307
2 Malta 94
3 Storbritannia 89
4 Spania 72
5 Sverige 69

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Cyprus – Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 13. mai 2018. 
  2. «Eurovision Song Contest 1982 – scoreboard». Den europeiske kringkastingsunion. Henta 26. november 2016. 
  3. «Eurovision Song Contest 1988». Den europeiske kringkastingsunion. Henta 26. november 2016. 
  4. «Cyprus: Withdraws for 2014». The Eurovision Times. 3. oktober 2013. Henta 26. november 2016. 
  5. Mike (26. juni 2017). «LIST: The ten countries that have competed the most times at Eurovision without a win». wiwibloggs. Henta 27. juni 2017.