Jomsviking er namnet som vert brukt om ei mytisk gruppe av leigesoldatar og sjørøvarar søraust i Austersjøen, som skal ha vore verksame frå 960 til 1043. Denne gruppa var tidvis skadeleg for handelen i området og skal difor ha vorte nedkjempa av Magnus den gode. Størst innverknad på norsk historie hadde dei då dei tapte for Håkon jarl i slaget ved Hjørungavåg.
Jomsvikingane heldt ifølgje sogene til i Jomsborg i Vendland, ved sørkysten av Austersjøen, i dagens Polen. Soga om jomsvikingane seier at borga Jomsborg vart oppretta i år 960 av den fynske hovdingen Palnatoke. Området Jom fekk han av kong Burislav av Vendland, som var redd for at Palnatoke ville røve riket hans. Jomsviking-hovdingen Sigvalde jarl skal seinare ha fått fullt sjølvstende for borga og giftemål med dotter til Burislav, etter ei bortføring av den danske kongssonen Svein Tjugeskjegg til Jomsborg.
Brorskapen på Jomsborg var samansett av menn mellom 18 og 50 år, av ulikt etnisk opphav, og mange stormenn kom til. Kvar sommar fór dei ut og herja, og dei vart vidgjetne for åtaka sine. Jomsvikingane vert oftast omtalte som leigekrigarar som ofte gjekk i teneste for dei danske kongane.
Mest kjend i norsk historie er jomsvikingane si rolle i slaget ved Hjørungavåg. Slaget var eit overfall på Håkon ladejarl, danskekongen sin underkonge, som hadde vorte for eigenmektig. Fleire av dei mest kjende jomsvikingane var med her, i det som er rekna som eit av dei største nordiske slaga i vikingtida. Jomsvikingane møtte ein svær norsk sjøstyrke og måtte til slutt gi tapt. Mange jomsvikingar fall. Seinare spela dei òg ei rolle i slaget ved Svolder, der Olav Tryggvason fall. Til slutt vart Jomsborg øydelagt av den norske kongemakta.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.