Våpenet kanon
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå kanon.
Ein kanon er eit skytevåpen til å skyta store prosjektil over lengre avstandar med. Ein kanon er forma som eit stort røyr. I moderne terminologi vert ordet kanon òg brukt om rifla automatvåpen med kaliber på minst 20 mm.
I moderne terminologi viser omgrepet til skytevåpen med eit rifla løp i kaliber 20 millimeter eller meir, som skyt mot eit mål. Kanonar har utvikla seg frå å vera enkle røyr som skyt ut kuler av stein eller jarn, til å verta moderne artilleri med avanserte instrument for presisjonsskyting. Prosjektila har òg utvikla seg til å innehalda eksplosivar. Innfestinga av kanonen har òg gått framover, og kanonar i dag kan finnast i for eksempel stridsvogner. Kanonane var òg føregjengaren til mindre skytevåpen som handkanoner, arkebuse, musketter og etterkvart rifler.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Kanon» frå Wikipedia på bokmål, den 20. mars 2017.