The Great Pretender
The Great Pretender Singel av The Platters | ||
B-side |
«I'm Just a Dancing Partner» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 3. november 1955 | |
Innspelt | 1955 | |
Sjanger | Rhythm and blues, doo-wop | |
Lengd | 2:36 | |
Selskap | Mercury Records | |
Komponist | Buck Ram | |
Tekstforfattar | Buck Ram | |
Låtskrivar(ar) | Buck Ram | |
Produsent | Buck Ram |
«The Great Pretender» er ein popsong spelt inn av The Platters, med Tony Williams på solovokal, og gjeven ut som singel den 3. november 1955. TEkst og musikk var skriven av Buck Ram,[1] manager og produsent for the Platters, som var ein suksessrik låtskrivar før han vart produsent og manager. «The Great Pretender» nådde toppen av både R&B- og pop-lista i 1956.[2]
Buck Ram hevdar han skreiv songen på kring 20 minuttar på vaskeriet på Flamingo Hotel for å ha ein oppfølgjar til songen «Only You (And You Alone)».
I 2010 vart songen plassert på 360. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.[3]
Freddie Mercury-versjonen
[endre | endre wikiteksten]The Great Pretender Singel av Freddie Mercury | ||
B-side |
«Exercises in Free Love» (3:58) | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 23. februar 1987 | |
Innspelt | Januar - februar 1987 | |
Sjanger | Poprock | |
Lengd | 3:26 (7") 5:55 (12") | |
Selskap | Mercury Records | |
Komponist | Buck Ram | |
Tekstforfattar | Buck Ram | |
Låtskrivar(ar) | Buck Ram | |
Produsent | David Richards, Freddie Mercury, Mike Moran | |
Freddie Mercury-kronologi | ||
«Time» (1986) |
The Great Pretender | «Barcelona» (1987)
|
Songen vart populær att i 1987 med Freddie Mercury, songaren i rockebandet Queen. Mercury sin versjon nådde fjerdeplassen på UK Singles Chart.
Musikkvideo
[endre | endre wikiteksten]Musikkvideoen til Mercury vart ein av dei mest kjende i karrieren hans. Han synte Mercury i dei mange Queen-utsjånadane han hadde hatt opp gjennom åra, som nye versjonar av «Crazy Little Thing Called Love», «It's a Hard Life», «I Want to Break Free» og «Bohemian Rhapsody». Han vart regissert av David Mallet i februar 1987, og med var òg Queen-medlemmet Roger Taylor og Peter Straker (ein ven av Freddie) i drag. Mercury barbert bort barten sin, noko som hadde vore varemerket hans sidan 1980. Ein lengre videoversjon finst på Freddie Mercury The Video Collection på VHS og DVD og Lover of Life, Singer of Songs på DVD.
Utgjeving
[endre | endre wikiteksten]Songen er gjeven ut på mange samlealbum, som Lover of Life, Singer of Songs, og Queen-albumet Greatest Hits III.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Freddie Mercury - solo og korvokal
- Mike Moran - piano, klaverinstrument
- Harold Fisher - trommer
- Alan Jones - bassgitar
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]- Gene Pitney spelte ein versjon i 1969, som tydeleg har vore modell for Freddie Mercury-versjonen.
- Han vart spelt i 1984 av Dolly Parton, som nytta han som tittelsongen på eit album av coverversjonar frå 50- og 60-åra (The Great Pretender)
- Sam Cooke.
- Kathy Young and the Innocents i 1961.
- Stan Freberg laga ein parodiversjon i 1956.
- Pat Boone på albumet Moody River i 1961.
- The Righteous Brothers[4]
- Gene Summers i 1997 på The Ultimate School of Rock & Roll
- The Band på Moondog Matinee, eit album med coverversjonar.
- Lester Bowie i 1981 som strekte han ut til nesten 17 minuttar med improvisasjonar på albumet med same namn.
- Jimmy Parkinson, ein australsk vokalist som ndåde topp 20 i Storbritannia den 3. mars 1956, seks månader før the Platters sin versjon. Parkinson sin versjon gjekk opp til niandeplassen.
- Jackie Riggs, ein amerikansk doowop songar spelte inn songen i mars 1956
- George Faith på albumet Reggae Got Soul.
- The Statler Brothers på det siste konsertalbumet deira.
- Countrysongaren Roy Clark nytta songen i eit komisk innslag der han syng songen med komiske lydeffektar, og stundom klipp av andre songar.[5]
- Old and in the Way gav ut ein bluegrassversjon av songen på albumet That High Lonesome Sound (1973).
- Roy Orbison i 1961 på albumet Crying
- Flamingokvintetten spelte ein versjon på svensk kalla «Jag går i ein dröm och låtsas»
Popkultur
[endre | endre wikiteksten]- I 1999 inkluderte National Public Radio songen på «NPR 100,» som var eit forsøk på å samle dei hundre viktigaste amerikanske musikkverka på 1900-talet.
- Songen inspirerte Chrissie Hynde til å kalle bandet sitt Pretenders.
- Songen vart nytta i Rainer Werner Fassbinder-filmen The Bitter Tears of Petra von Kant.
- Songen vart nytta i filmen Evil i 2003.
- I filmen American Graffiti frå 1973 syng Richard Dreyfuss i lag med songen medan han kikkar i utstillingsvindauge.
- I romanen «Beautiful Losers» av Leonard Cohen, skildra han songen som «ein song som skulle endre popmusikken i vår tid».
- Songen kan høyrast i videospelet BioShock Infinite: Burial at Sea
- Freddie Mercury-versjonen er nytta i filmen Night and the City (1992).
- Songen vart nytta i filmen ′Paper Mask′ i 1990
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «The Great Pretender» frå Wikipedia på engelsk, den 21. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Buck Ram intervjua på Pop Chronicles (1969)
- ↑ Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 463.
- ↑ «361: The Great Pretender». Rolling Stone.
- ↑ Gilliland, John (1969). «Show 52 - The Soul Reformation: Phase three, soul music at the summit. [Part 8]» (audio). Pop Chronicles. Digital.library.unt.edu.
- ↑ Roy Clark. «The Great Pretender". Star Route TV Show 3.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Heile songteksten på MetroLyrics
361: «All Shook Up » Elvis Presley |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 360 «The Great Pretender» The Platters |
359: «The Locomotion » Little Eva |
- Songar frå 1955
- USA-amerikanske songar
- Singlar frå 1955
- Singlar frå 1987
- Songar på toppen av Billboard-lista
- Grammy Hall of Fame Award
- The Platters-songar
- Freddie Mercury-songar
- Sam Cooke-songar
- Gene Summers-songar
- Dolly Parton-songar
- Roy Orbison-songar
- Pat Boone-songar
- The Band-songar
- Rod Stewart-songar
- Gene Pitney-songar
- The Righteous Brothers-songar
- Tor Endresen-songar
- New Jordal Swingers-songar
- Nummer-ein-singlar i Australia
- Songar skrivne av Buck Ram
- Mercury Records-singlar
- Beste songar gjennom tidene hos Rolling Stone
- Musikkvideoar regisserte av David Mallet