Herb Reed
Herb Reed | |||
| |||
Fødd | 7. august 1928 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Kansas City i Missouri | ||
Død | 4. juni 2012 (83 år) | ||
Dødsstad | Boston | ||
Opphav | USA | ||
Sjanger | doo-wop | ||
Instrument | vokal | ||
Stemmetype | bassrøyst | ||
Plateselskap | Federal | ||
Verka som | songar |
Herbert «Herb» Reed (7. august 1928–4. juni 2012) var ein USA-amerikansk musikar, vokalist og med på å starte bandet The Platters, som hadde stor suksess i 1950- og 1960-åra. Reed, som var det siste overlevande, originale medlemmet av gruppa, har fått æra for å ha kome på namnet på gruppa.[1] Reed kom på namnet etter at ein radiopratar i 1950-åra kalla platene deira «platters».[2]
Reed voks opp i fattigdom i Kansas City i Missouri, og flytta til Los Angeles då han var 15 år gammal.[1] Han flytta til Boston-området i 1970-åra, etter suksessen med The Platters.[2] Han var det einaste medlemmet i The Platters som song på alle dei kring 400 songane bandet spelte inn.[2] Ein kan høyre vokalen hans på dei største hittane til The Platters, som «Smoke Gets in Your Eyes», «The Great Pretender», «Twilight Time» og «My Prayer».[2]
Som det siste originale medlemmet i The Platters, kjempa Reed ein lang rettskamp om rettane til namnet The Platters, ein kamp han til slutt vann.[1]
Reed turnerte gjennom heile karrieren, og han framførte så mykje som 200 konsertar i året fram til 2012, då han måtte stoppe på grunn av helsa.[2] Han døydde av komplikasjonar frå fleire sjukdommar, mellom anna svakt hjarte, på ein pleieheim i Boston den 4. juni 2012, 83 år gammal.[1][2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Herb Reed» frå Wikipedia på engelsk, den 14. februar 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Herb Reed of vocal group – The Platters dead at 83». Reuters. 13. februar 2018. Arkivert frå originalen 6. juni 2012. Henta 13. februar 2018.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 «Platters founder Herb Reed dies at 83». Associated Press (Boston.com). Henta 13. februar 2018.