Hopp til innhald

Tana bru

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tana bru
tettstad
Brua som har gjeve staden namn
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Tana
Areal 1,21 km²
Folketal 743  (2023)
Folketettleik 614 / km²
Postnummer 9845 TANA
Kart
Tana bru
70°11′56″N 28°11′25″E / 70.198888888889°N 28.190277777778°E / 70.198888888889; 28.190277777778
Wikimedia Commons: Tana bru

Tana bru, nordsamisk Deanu šaldi, er ein tettstad og administrasjonsenteret i Tana kommune i Finnmark fylke. Staden ligg på vestsida av Tanaelva og har namn etter sjølve brua over elva som er bygd der.

Den fyrst brua ved Tana bru stod ferdig i 1948, og var ei mjuk hengebru. Ei ny skråkabelbru vart landfast i 2019,[1][2] og opna 15. september 2020.[3][4] Brua er del av E6/E75. Riksvegane 98, 890 og 895 gjer saman med E6/E75 staden til eit viktig vegknutepunkt.

På kvelden 5. november eller tidleg den 6. november 1944 vart Tana-brua sprengd då den tyske militærmakta trekte seg attende frå Finnmark.[5]

Indre Finnmark tingrett med tilhald i Tana bru vart skipa i 2004.[6]

  1. «Nye Tana bru er landfast». Statens vegvesen. 7. oktober 2019. 
  2. «Tana bru skulle åpnet i desember - åpningen usettes til august 2020». Byggeindustrien. 23. oktober 2019. 
  3. «E6 Tana bru». Statens vegvesen (på norsk bokmål). Henta 15. september 2020. 
  4. «Kristina Hansen med på åpningen av nye Tana bru - Radio Nordkapp». www.radionordkapp.no (på norsk). Henta 15. september 2020. 
  5. Dag F. Simonsen. Hva skjedde i Tana høsten 1944?. snefjellet.no. Henta 9. oktober 2019
  6. Skogvang, Susann Funderud (29. desember 2013). «Indre Finnmark tingrett». Store norske leksikon (på norsk bokmål).