Kjøllefjord
Kjøllefjord | |||
tettstad | |||
Kjøllefjord i juni 2015.
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Finnmark | ||
Kommune | Lebesby | ||
Areal | 0,45 km² | ||
Folketal | 836 (2023) | ||
Folketettleik | 1 858 / km² | ||
Postnummer | 9790 KJØLLEFJORD | ||
Kjøllefjord 70°56′44″N 27°20′47″E / 70.945555555556°N 27.346388888889°E | |||
Wikimedia Commons: Kjøllefjord |
Kjøllefjord er ein tettstad i Lebesby kommune, nordaust i Finnmark. Staden har 836 innbyggjarar per 1. januar 2023. Tettstaden ligg inst i Kjøllefjorden, på vestsida av Nordkinnhalvøya, og er administrasjonssenteret i kommunen.
Kjøllefjord er òg eit kyrkjesokn i Den norske kyrkja.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Kjøllefjord vart som resten av Finnmark rasert av den tyske krigsmakta då dei måtte trekkje seg attende frå området i 1944.
Samferdsle og næringsliv
[endre | endre wikiteksten]Hurtigruta har daglege anløp i Kjøllefjord.
Den viktigaste næringsvegen er fiske og fiskeindustri.
Verdas nordlegaste bokhandel er Nordkyn bok og papir i Kjøllefjord.[1]
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Staden ligg mindre enn ein breiddegrad frå det nordlegaste punktet på det europeiske fastlandet, og han ligg tre lengdegradar frå Hornøya, det austlegaste punktet i Noreg.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Jens Kihl. Rekordbygda: Under-dog. Klassekampen. 2018-07-17. S. 11
- Denne artikkelen bygger på «Kjøllefjord» frå Wikipedia på bokmål, den 28. mai 2005, revisjon 173865