Hopp til innhald

Norske sosialministrar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Norske sosialministrar er ei oversikt over statsråder i det tidlegare Sosialdepartementet, som var namnet på eit departement i åra 1913–1993 og 2002–2004.

Opptakta til departementet var Departementet for sociale saker, handel, industri og fiskeri som vart oppretta 3. juni 1913 med Johan Castberg som initiativtakar og den første statsråden i departementet, i Gunnar Knudsen si andre regjering.

Sosialdepartementet vart skilt ut frå dette dåverande Departementet for sociale saker, handel, industri og fiskeri ved Kongeleg resolusjon 8. september 1916.[1] Frå 1993 til 2001 heitte departementet Sosial- og helsedepartementet, så Sosialdepartementet 2002-2004, og deretter blei dette Arbeids- og sosialdepartementet i 2004-2006. Dette siste blei då nedlagt, og erstatta av Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Statsrådar

[endre | endre wikiteksten]
Statsråd Parti Frå Til
Lars Abrahamsen Venstre 1916 1919
Paal Berg Venstre 1919 1920
Odd Sverressøn Klingenberg Høgre 1920 1921
Lars Oftedal Venstre 1921 1922
Rasmus Olai Mortensen Venstre 1922 1923
Odd Sverressøn Klingenberg Høgre 1923 1925
Lars Oftedal Venstre 1925 1926
Peter Andreas Morell Høgre 1926 1928
Alfred Madsen Arbeidarpartiet 1928 1928
Torjus Værland Venstre 1928 1931
Jakob N. Vik Bondepartiet 1931 1933
Ole N. Strømme Venstre 1933 1933
Trygve Utheim Venstre 1933 1935
Kornelius Bergsvik Arbeidarpartiet 1935 1936
Oscar Torp Arbeidarpartiet 1936 1939
Sverre Støstad Arbeidarpartiet 1939 1945
NS-«statsrådar» under andre verdskrigen:
Birger Øivind Meidell Nasjonal Samling 1940 1941
Johan Andreas Lippestad Nasjonal Samling 1941 1944
Christian Astrup (fungerande) Nasjonal Samling 1944 1945
Etter frigjeringa i 1945:
Sven Oftedal Arbeidarpartiet 1945 1948
Aaslaug Aasland Arbeidarpartiet 1948 1953
Rakel Seweriin Arbeidarpartiet 1953 1955
Gudmund Harlem Arbeidarpartiet 1955 1961
Olav Bruvik Arbeidarpartiet 1961 1962
Aase Bjerkholt (konstituert) Arbeidarpartiet 1963 1963
Olav Gjærevoll Arbeidarpartiet 1963 1963
Kjell Bondevik Kristeleg Folkeparti 1963 1963
Olav Gjærevoll Arbeidarpartiet 1963 1965
Egil Aarvik Kristeleg Folkeparti 1965 1971
Odd Højdahl Arbeidarpartiet 1971 1972
Bergfrid Fjose Kristeleg Folkeparti 1972 1973
Sonja Ludvigsen Arbeidarpartiet 1973 1974
Tor Halvorsen Arbeidarpartiet 1974 1976
Ruth Ryste Arbeidarpartiet 1976 1979
Arne Nilsen Arbeidarpartiet 1979 1981
Leif Arne Heløe Høgre 1981 1986
Tove Strand Gerhardsen Arbeidarpartiet 1986 1989
Wenche Frogn Sellæg Høgre 1989 1990
Tove Veierød Arbeidarpartiet 1990 1992
Grete Knudsen Arbeidarpartiet 1992 1994
Hill-Marta Solberg Arbeidarpartiet 1994 1997
Magnhild Meltveit Kleppa Senterpartiet 1997 2000
Guri Ingebrigtsen Arbeidarpartiet 2000 2001
Ingjerd Schou Høgre 2001 2004
Dagfinn Høybråten Kristeleg Folkeparti 2004 2005*

   *Frå 1. oktober 2004 arbeids- og sosialminister

  1. «Sosialdepartementet 1916 -». Riksarkivet. 23. mai 2002. Henta 22. november 2009.