Hopp til innhald

Makta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Makta
Typefjernsynsserie
Sjangerdrama
OpphavslandNoreg
Språknorsk

Makta er ein norsk dramaserie som hadde premiere på NRK i oktober 2023.[1] Serien er skapt av Johan Fasting, Silje Storstein og Kristin Grue, og produsert av Motlys og Novemberfilm. Serien består av tolv episodar fordelt på to deler; fyrste del blei sendt hausten 2023, og andre del blir sendt frå januar 2024.

Makta handlar om Gro Harlem Brundtland og maktkampen i Arbeidarpartiet i 1970- og 1980-åra.[2]

Serien er basert på verkelege hendingar; han følgjer maktkampen i Arbeidarpartiet i 1970- og 1980-åra, og blir introdusert som ei forteljing «basert på sannhet, løgn og dårlig hukommelse».[3] Kathrine Thorborg Johansen og Jan Gunnar Røise spelar hovudrollene som Gro Harlem Brundtland og Reiulf Steen.

Rolleliste

[endre | endre wikiteksten]
Skodespelar Rolle
Kathrine Thorborg Johansen Gro Harlem Brundtland
Jan Gunnar Røise Reiulf Steen
Anders Baasmo Odvar Nordli
Trond Espen Seim Arvid Engen
Øyvind Brandtzæg Bjartmar Gjerde
Nader Khademi Einar Førde
Lasse Kolsrud Trygve Bratteli
Torbjørn Davidsen Tor Aspengren
Erik Hivju Einar Gerhardsen
Andrea Rudland Haave Sissel Rønbeck
Olav Waastad Ronald Bye
Nils Bendik Kvissel Thorbjørn Jagland
Trond Høvik Per Kleppe
Mats Eldøen Jens Solli
Shana Fevang Mathai Eva Bratholm
Manish Sharma Ivar Leveraas
Galvan Mehidi Ingjald Ørbeck Sørheim
Sjur Vatne Brean Jens Stoltenberg
Karl Vidar Lende Per Vassbotn
Andreas Stoltenberg Granerud Arne Olav Brundtland
Svein Sturla Hungnes Rolf Hansen
Hadle Lavold Herbjørn Sørebø
Christian Skolmen Thorvald Stoltenberg
Gunnar Eiriksson Arvid Jacobsen
Vidar Sandem Gudmund Harlem
Mohammed Basefer Per Brunvand
Harald Ottesen Nødtvedt Odd Kristian Reme
Anne Ryg Karin Stoltenberg
Marius Lien Wiktor A. Martinsen
Mona Huang Kjersti Fagerjord
Cathrine Frost Andersen Eli Engen
Ågot Sendstad Ruth Damsgård
Jonas Daniel Irvall Olof Palme
Silje Korsnes Messel-Endresen Flyvertinne
André Sørum Gunnar Berge
Heidi Goldmann Hanna Kvanmo

I desember 2020 fekk produksjonsselskapet bak serien tildelt 10 millionar kroner i støtte av Norsk filminstitutt.[4] Totalt hadde serien eit budsjett på 130 millionar kroner.[5]

Serien har fått svært gode meldingar,[6][7] men framstillinga av sentrale Arbeidarparti-politikarar har også fått kritikk.

I ein post på Facebook-profilen sin, skreiv tidlegare statsminister Thorbjørn Jagland: «Reiulf Steen var ikke bare en drukkenbolt, og slett ikke en livsfjern tåkefyrste. [...] Odvar Nordli var slett ingen bygdetulling. Han kunne formulere i én setning det intellektuelle måtte skrive tusen ord for å komme fram til, gjerne under tvil. [...] Trygve Bratteli er en av partiets og Norges viktigste. Han var fåmælt, men ikke så puslete og tragisk som han fremstilles.»[8]

Det er også påpeikt at mens mange av dei andre i partileiinga framstår som karikaturar av seg sjølv i serien, blir Gro Harlem Brundtland løfta fram som ein helt: «Tv-serien «Makta» er bygd opp som et heltedrama med Gro Harlem Brundtland i rolla som Messias», skreiv Bjørgulv Braanen.[9]

Prisar og nominasjonar

[endre | endre wikiteksten]

Under TV-seriefestivalen Cannesseries i april 2023 vann Makta prisen for beste serie, og komponisten Kåre Vestrheim vann prisen for beste musikk.[10] Serien blei tildelt heiderleg omtale under Prix Europa i 2023 i klassen beste TV-fiksjon.[11]

  1. «Makta». nrk.no. 17. oktober 2023. Henta 30. oktober 2023. «Makta er en dramaserie om det intense maktspillet innad i Arbeiderpartiet på 70- og 80-tallet. Det er en historie basert på sannhet, løgn og dårlig hukommelse.» 
  2. «To priser til norsk TV-serie i Cannes». NRK.no. 20. april 2023. Henta 23. desember 2023. 
  3. «TV-anmeldelse «Makta»: Setter en ny standard». vg.no. 28. oktober 2023. Henta 30. oktober 2023. 
  4. «Se tildelinger 2016 til 2020». NFI (på norsk). Henta 15. august 2023. 
  5. ««En dramaserie basert på sannhet, løgn og dårlig hukommelse»». Dagsavisen (på norsk). 11. desember 2020. Henta 15. august 2023. 
  6. «Makta vinner over fakta». dagbladet.no. 31. oktober 2023. Henta 22. november 2023. 
  7. «TV-anmeldelse «Makta»: Setter en ny standard». vg.no. 28. oktober 2023. Henta 22. november 2023. 
  8. «Thorbjørn Jagland ut mot «Makta»: − Odvar Nordli var slett ingen bygdetulling». vg.no. 5. november 2023. Henta 22. november 2023. 
  9. «En politisk håndverker». klassekampen.no. 9. november 2023. Henta 22. november 2023. 
  10. ««Makta» fikk to priser under Canneseries». rushprint.no. 20. april 2023. Henta 30. oktober 2023. 
  11. «Congratulations to all PRIX EUROPA 2023 winners!». prixeuropa.eu (på engelsk). 27. oktober 2023. Henta 30. oktober 2023. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]