Crystal Ball av Styx
Crystal Ball Studioalbum av Styx | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1. oktober 1976 | |
Innspelt | 1976 | |
Studio | Paragon Recording Studios i Chicago | |
Sjanger | ||
Lengd | 34:45 | |
Selskap | A&M | |
Produsent | Styx | |
Styx-kronologi | ||
---|---|---|
Equinox (1975) |
Crystal Ball | The Grand Illusion (1977)
|
Singlar frå Crystal Ball | ||
|
Crystal Ball er det sjette studioalbumet til Styx, gjeve ut i 1976.
Albumet var det første dei spelte inn med den nye gitaristen Tommy Shaw. Sporet «Mademoiselle» var den første songen Tommy Shaw song på og vart ein topp 40 hit på den amerikanske singellista.
Tittelsporet vart fast på konsertane til bandet, og vart spelt på samtlege Styx-turnear som Shaw var med på.
Det klassiske stykket til Claude Debussy, «Clair de Lune» fungerte som intro til avslutningssporet på albumet, «Ballerina». Versjonen av «Clair de Lune» vert framført av DeYoung aleine på piano.
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Rolling Stone | (favorable) [2] |
The Rolling Stone Album Guide | [3] |
Daevid Jehnzen i AllMusic gav Crystal Ball tre og ei halv av fem stjerner. Han meinte det var betre enn det førre Styx-albumet, Equinox (1975), sjølv om det ikkje vart ein like stor suksess. Han sa òg at albumet syner «at Styx vert stadig flinkare til å skrive enkle, fengande pop-knaggar ut frå den bombastiske lyden deira.»[1] Alan Niester i Rolling Stone meinte at albumet var bra og skreiv at «sjølv om Styx høyrer heime i Chicago, har dei ein engelsk stil over seg». Han sa òg at instrumenteringa «alltid verka å vere på randen av å kome ut av kontroll, noko som gjer heile albumet spanande.»[2]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Put Me On» | Dennis DeYoung, Tommy Shaw, James Young | Young (vers), DeYoung (mellomspel etter gitarsolo) | 4:56 |
2. | «Mademoiselle» | DeYoung, Shaw | Shaw | 3:57 |
3. | «Jennifer» | DeYoung | DeYoung | 4:16 |
4. | «Crystal Ball» | Shaw | Shaw | 4:32 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|---|
5. | «Shooz» | Shaw, Young | Shaw | 4:44 |
6. | «This Old Man» | DeYoung | DeYoung | 5:11 |
7. | «Clair de Lune / Ballerina» | DeYoung, Shaw, Claude Debussy | DeYoung | 7:09 |
Total lengd: | 34:45 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]Styx
[endre | endre wikiteksten]- Dennis DeYoung – vokal, klaverinstrument
- Tommy Shaw – vokal, elektrisk og akustisk gitar
- James «JY» Young – vokal, elektrisk gitar
- Chuck Panozzo – bassgitar
- John Panozzo – trommer, perkusjon
Produksjon
[endre | endre wikiteksten]- Produsent: Styx
- Lydteknikarar: Barry Mraz og Rob Kingsland
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Album – Billboard (USA)
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1976 | Pop Albums | 66 |
Singlar – Billboard (USA)
År | Singel | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1976 | «Mademoiselle» | Pop Singles | 36 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Crystal Ball (Styx album)» frå Wikipedia på engelsk, den 4. juni 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Jehnzen, Daevid. Crystal Ball av Styx på Allmusic. Henta 3. juni 2020.
- ↑ 2,0 2,1 Niester, Alan (13. januar 1977). «Styx - Crystal Ball». Rolling Stone. Wenner Media. Arkivert frå originalen 7. mai 2016. Henta 4. juni 2020.
- ↑ Brackett, Nathan; Christian Hoard (2004). The Rolling Stone Album Guide. New York City, New York: Simon and Schuster. s. 789. ISBN 0-7432-0169-8. «rolling stone styx album guide.»