Chuck Panozzo
Utsjånad
Chuck Panozzo | |||
| |||
Fødd | 20. september 1948 (76 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Chicago | ||
Fødenamn | Charles Salvatore Panozzo | ||
Opphav | Chicago | ||
Aktiv | Sidan 1956 | ||
Sjanger | Hardrock, progressiv rock | ||
Instrument | Bass, vokal, gitar, piano | ||
Tilknytte artistar | Styx | ||
Verka som | Musikar, bassist |
Charles Salvatore «Chuck» Panozzo (fødd 20. september 1948) er ein USA-amerikansk musikar, mest kjend som bassist i rockebandet Styx. Han har vore langvarig medlem av Styx og var med å skipe gruppa i lag med tvillingbroren, trommeslagaren John Panozzo, som døydde i juli 1996, og songaren og klaverspelaren Dennis DeYoung. Han turnerte berre med gruppa på deltid frå 1999 til 2003, men er i dag fast medlem av Styx.
Chuck Panozzo har vore opent homofil sidan 2001, same året han annonserte at han levde med HIV,[1] og han har vore involvert i kampanjar for å rette merksemd mot AIDS og homofile rettar. I 2006 gav han ut sjølvbiografien The Grand Illusion: Love, Lies, and My Life With Styx.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Chuck Panozzo» frå Wikipedia på engelsk, den 3. juni 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ White, Dave. «The Grand Illusion – Love, Lies, and My Life with Styx». About.com. Henta 3. juni 2020.