Hopp til innhald

Á

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Á (a-akutt, liten bokstav: á) er ein bokstav i nordsamisk, tsjekkisk, færøysk, ungarsk, islandsk og slovakisk. Denne bokstaven finst òg i irsk, oksitansk, portugisisk, spansk og vietnamesisk som eit avbrigde av bokstaven a.

I ymse mål

[endre | endre wikiteksten]

Á er den andre boksaven i det færøyske alfabetet og vert uttala /ɔ/ eller /ɔaː/. Den er dessutan, som i gamalnorsk og islandsk, styreordet .

Á er den andre bokstaven i det islandske alfabetet og vert uttala /au̯/ (som i «ow»). Som i færøysk og gamalnorsk er han ogso styreordet .

Nordsamisk

[endre | endre wikiteksten]

Á er den andre bokstaven i det nordsamiske alfabetet, og vert i Karasjok uttala ganske likt som norsk æ og i Kautokeino som lang a.
Endå á vert nytta i nordsamisk, er han ikkje tillaten i namn i folkeregisteret.[1]

I kinesisk pīnyīn er á yángping-tonen (阳平, «høg tone») av a.

Tsjekkisk, ungarsk og slovakisk

[endre | endre wikiteksten]

Á er den andre bokstaven i ungarske, tsjekkiske og slovakiske alfabetet og vert uttala /aː/.

Vietnamesisk

[endre | endre wikiteksten]

I det vietnamesiske alfabetet er á sắc-tonen (høg tone) av a.

Koding i skriftsystem

[endre | endre wikiteksten]
Teiknsett Unicode ISO 8859-1, 2, 3, 4, 9, 10, 14, 15, 16
Majuskel Á U+00C1 C1
Minuskel á U+00E1 E1

Kjeldetilvisingar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Trond Trosterud (2005). «Samisk og kvensk i Noreg etter 1905». Språknytt (1-2). «Framleis er det umogleg å gje ungane eit samisk namn som Máret (med á) og få det ført inn i folkeregisteret. Trass i ein grunnlovsparagraf som seier at staten skal leggje til rette for bruk av samisk, har ikkje Skattedirektoratet gått med på å ta i bruk samiske bokstavar i basane sine.»