Østfold fylke
Østfold fylke, stundom kalla Austfold, er eit fylke i Noreg. Fylket er det søraustlegaste i landet og ligg på den austre sida av Oslofjorden, med grensar til Akershus i nord og vest og til Sverige og dei svenske fylka Värmlands län og Västra Götalands län i aust. Østfold blei til eit eiga fylke den 1. januar 2024.
Østfold fylke | |||
fylke | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Adm.senter | Sarpsborg | ||
Areal | 4 182 km² | ||
• land | 3 922 km² | ||
• vatn | 260 km² | ||
Folketal | 297 520 (1. januar 2019)[1] | ||
Målform | bokmål | ||
Statsforvaltar | Anne Enger | ||
Fylkesordførar | Ole Haabeth (Ap) | ||
Fylkesnummer | 01 | ||
Østfold fylke 59°20′00″N 11°20′00″E / 59.333333333333°N 11.333333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Østfold | |||
Nettstad: www.ostfold-f.kommune.no |
Østfold hadde seks byar: Askim, Mysen, Fredrikstad, Halden, Moss og Sarpsborg.
Historie
I vikingtida var området ein del av Vingulmark, som i sin tur var ein del av Viken og inkluderte Båhuslen. Det var delvis under svensk styre fram til Harald Hårfagre si tid.
Seinare, då Noreg var under dansk styre, delte den danske kongen området inn i mange len.
Namn
Det gamle namnet til Oslofjorden var Fold, og tydinga til Østfold vert då 'fylket aust for Oslofjorden'. Dette namnet har røter attende til 1543. I mellomalderen var namnet på fylket Borgarsysla 'fylket til byen Borg (i dag Sarpsborg)'.
Seinare (under dansk styre) vart fylket kalla Smaalenenes Amt.
Klima
Vêret i Østfold er prega av ei viss terrengskjerming mot aust og at det ligg ope til mot Skagerrak og Oslofjorden i sør og vest. Den herskande vinden er frå nord til nordaust om vinteren og frå sør til sørvest om sommaren.
Middeltemperaturen varierer frå -3 til -5 °C i januar til 16–17 °C i juli. Om vinteren vil temperaturen ved kysten som regel kome opp kring –1 °C.
Årsnedbøren er stort sett 700–800 mm, med seinsommaren og hausten som den våtaste tida. På grunn av det høgareliggande terrenget i aust, fell det lite snø om vinteren, i tillegg til at mild luft frå sjøen ofte fører til smelting.
Fylket har ein god del tåke, særleg på hausten og vinteren, på grunn av nærleiken til sjøen.
Kommunar
Nr. | Namn | Adm.senter | Folkemengd | Flatevidd km² | Målform | Distrikt |
---|---|---|---|---|---|---|
0101 | Halden | Halden | 642 | bokmål | Haldenregionen | |
0104 | Moss | Moss | 63 | nøytral | Mosseregionen | |
0105 | Sarpsborg | Sarpsborg | 406 | bokmål | Nedre Glomma | |
0106 | Fredrikstad | Fredrikstad | 288 | bokmål | Nedre Glomma | |
0111 | Hvaler | Skjærhalden | 90 | bokmål | Nedre Glomma | |
0118 | Aremark | Fosby | 319 | bokmål | Haldenregionen | |
0119 | Marker | Ørje | 413 | bokmål | Indre Østfold | |
0121 | Rømskog | Rømskog | 183 | bokmål | Indre Østfold | |
0122 | Trøgstad | Skjønhaug | 204 | bokmål | Indre Østfold | |
0123 | Spydeberg | Spydeberg | 142 | bokmål | Indre Østfold | |
0124 | Askim | Askim | 69 | bokmål | Indre Østfold | |
0125 | Eidsberg | Mysen | 236 | bokmål | Indre Østfold | |
0127 | Skiptvet | Meieribyen | 101 | bokmål | Indre Østfold | |
0128 | Rakkestad | Rakkestad | 435 | bokmål | Indre Østfold | |
0135 | Råde | Karlshus | 119 | bokmål | Mosseregionen | |
0136 | Rygge | Rygge | 74 | bokmål | Mosseregionen | |
0137 | Våler | Kirkebygda | 257 | bokmål | Mosseregionen | |
0138 | Hobøl | Elvestad | 140 | nøytral | Indre Østfold | |
Totalt | Østfold | Sarpsborg | ' | 4 182 | bokmål | Østfold |
Kjelder
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Population and changes during the quarter (M) 1997K4 - 2019K2». Henta 17. november 2019.
«Østfold – klima» av Petter Dannevig i Store norske leksikon, snl.no.
Bakgrunnsstoff
- Østfold fylkeskommune internettportal Arkivert 2017-08-03 ved Wayback Machine.
- Fylkesmannen i Østfold
- Kulturnett Østfold Arkivert 2015-07-21 ved Wayback Machine.