Nedre Glomma
Nedre Glomma er eit interkommunalt samarbeidsområde og distrikt i den sørlege delen av Østfold fylke som omfattar dei tre kommunane Hvaler, Fredrikstad og Sarpsborg. Distriktet som heile har eit areal på 783 kvadratkilometer [1], 129 147 innbyggjarar (1. juli 2009), og ligg ved utløpet av landets lengste elv, Glomma.
Tettstaden Fredrikstad-Sarpsborg utgjer landets femte største samanhengjande tettstadområde med 101 698 innbyggjarar (1. januar 2009) [2] som fordeler seg på dei to byane.
Administrative inndelingar
endre- Kommunane deltek i regionrådet Nedre Glomma.
- Distriktet utgjer næringsregionen Nedre Glomma (NHO).
- Sarpsborg høyrer til Sarpsborg tingrett under Borgarting lagmannsrett, og Sarpsborg prosti under Borg bispedømme i Den norske kyrkja.
- Fredrikstad og Hvaler høyrer til Fredrikstad tingrett under Borgarting lagdømme, og Fredrikstad Domprosti under Borg bispedømme.
Referansar
endre- ↑ statkart.no: kommuneareal, arkivert frå originalen 21. september 2013, henta 19. september 2010
- ↑ ssb.no: befolkning i tettsteder