Østfold fylke

fylke i Noreg
Versjonen frå 2. januar 2024 kl. 22:33 av Ytterligere (diskusjon | bidrag)

Østfold fylke, stundom kalla Austfold, er eit fylke i Noreg. Fylket er det søraustlegaste i landet og ligg på den austre sida av Oslofjorden, med grensar til Akershus i nord og vest og til Sverige og dei svenske fylka Värmlands län og Västra Götalands län i aust. Østfold blei del av nye Viken fylke den 1. januar 2020.

Østfold fylke
fylke
Fylkesvåpen
Land  Noreg
Adm.senter Sarpsborg
Areal 4 182 km²
 •  land 3 922 km²
 •  vatn 260 km²
Folketal 297 520 (1. januar 2019)[1]
Målform bokmål
Statsforvaltar Anne Enger
Fylkesordførar Ole Haabeth (Ap)
Fylkesnummer 01
Kart
Østfold fylke
59°20′00″N 11°20′00″E / 59.333333333333°N 11.333333333333°E / 59.333333333333; 11.333333333333
Wikimedia Commons: Østfold
Nettstad: www.ostfold-f.kommune.no

Østfold hadde seks byar: Askim, Mysen, Fredrikstad, Halden, Moss og Sarpsborg.

Historie

I vikingtida var området ein del av Vingulmark, som i sin tur var ein del av Viken og inkluderte Båhuslen. Det var delvis under svensk styre fram til Harald Hårfagre si tid.

Seinare, då Noreg var under dansk styre, delte den danske kongen området inn i mange len.

Namn

Det gamle namnet til Oslofjorden var Fold, og tydinga til Østfold vert då 'fylket aust for Oslofjorden'. Dette namnet har røter attende til 1543. I mellomalderen var namnet på fylket Borgarsysla 'fylket til byen Borg (i dag Sarpsborg)'.

Seinare (under dansk styre) vart fylket kalla Smaalenenes Amt.

Klima

Vêret i Østfold er prega av ei viss terrengskjerming mot aust og at det ligg ope til mot Skagerrak og Oslofjorden i sør og vest. Den herskande vinden er frå nord til nordaust om vinteren og frå sør til sørvest om sommaren.

Middeltemperaturen varierer frå -3 til -5 °C i januar til 16–17 °C i juli. Om vinteren vil temperaturen ved kysten som regel kome opp kring –1 °C.

Årsnedbøren er stort sett 700–800 mm, med seinsommaren og hausten som den våtaste tida. På grunn av det høgareliggande terrenget i aust, fell det lite snø om vinteren, i tillegg til at mild luft frå sjøen ofte fører til smelting.

Fylket har ein god del tåke, særleg på hausten og vinteren, på grunn av nærleiken til sjøen.

Kommunar

Nr. Namn Adm.senter Folkemengd Flatevidd km² Målform Distrikt
0101   Halden Halden 642 bokmål Haldenregionen
0104   Moss Moss 63 nøytral Mosseregionen
0105   Sarpsborg Sarpsborg 406 bokmål Nedre Glomma
0106   Fredrikstad Fredrikstad 288 bokmål Nedre Glomma
0111   Hvaler Skjærhalden 90 bokmål Nedre Glomma
0118   Aremark Fosby 319 bokmål Haldenregionen
0119   Marker Ørje 413 bokmål Indre Østfold
0121   Rømskog Rømskog 183 bokmål Indre Østfold
0122   Trøgstad Skjønhaug 204 bokmål Indre Østfold
0123   Spydeberg Spydeberg 142 bokmål Indre Østfold
0124   Askim Askim 69 bokmål Indre Østfold
0125   Eidsberg Mysen 236 bokmål Indre Østfold
0127   Skiptvet Meieribyen 101 bokmål Indre Østfold
0128   Rakkestad Rakkestad 435 bokmål Indre Østfold
0135   Råde Karlshus 119 bokmål Mosseregionen
0136   Rygge Rygge 74 bokmål Mosseregionen
0137   Våler Kirkebygda 257 bokmål Mosseregionen
0138   Hobøl Elvestad 140 nøytral Indre Østfold
Totalt   Østfold Sarpsborg ' 000000000004182.00000000004 182 bokmål Østfold

Kjelder

«Østfold – klima» av Petter Dannevig i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff