Wilson Kiprugut
Wilson Kiprugut | |
Statsborgarskap | Kenya |
Fødd | 1938 Kericho |
Død | 1. november 2022 (83 år) Kericho |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1968, Sommar-OL 1964 |
Wilson Chuma Kiprugut (1. januar 1938–1. november 2022) var ein kenyansk friidrettsutøvar som vann bronsemedaljen på 800 meter under Sommar-OL 1964 og sølvmedaljen på same distansen ved sommarleikane 1968.
Kiprugut var den fyrste frå Kenya som vann ei olympisk medalje då han kneip tredjeplassen på 800-meteren under dei olympiske sommarleikane 1964 i Tokyo. Peter Snell frå New Zealand vann løpet på tida 1.45,1, medan Bill Crothers tok sølv på 1.45,6 og Kiprugut fekk 1.45,9 og personleg rekord. I 1967-sesongen forbetra han den personlege rekorden til 1.45,2. I 800-metersfinalen i Mexico-byen var Kiprugut den einaste som heldt fylgje med australiaren Ralph Doubell heilt inn til målstreken. Doubell tangerte verdsrekorden med 1.44,3, Kiprugut kom i mål på 1.44,5.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Wilson Kiprugut» frå Wikipedia på engelsk, den 15. oktober 2018.
- Einskildmenn
- Fødde i 1938
- Døde i 2022
- Kenyanske mellomdistanseløparar
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Kenya
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Kenya
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1964
- Kenyanske deltakarar under sommar-OL 1964
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1968
- Kenyanske deltakarar under sommar-OL 1968
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968