Will You Love Me Tomorrow
Will You Love Me Tomorrow Singel av The Shirelles frå albumet Tonight's the Night | ||
B-side |
«Boys» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Mai 1960 (USA) 1961 (UK) | |
Innspelt | 14. februar 1960 | |
Sjanger | R&B | |
Lengd | 2:43 | |
Selskap | Scepter | |
Komponist | Carole King | |
Tekstforfattar | Gerry Goffin | |
Låtskrivar(ar) | Gerry Goffin, Carole King | |
The Shirelles-kronologi | ||
«Tonight's the Night» (1960) |
Will You Love Me Tomorrow | "Dedicated to the One I Love" (1961)
|
«Will You Love Me Tomorrow» er ein song skriven av Gerry Goffin og Carole King. Han har vorte spelt inn av mange artistar og er av Rolling Stone rangert på 125. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene. Songen er kjend for å vere den første songen som nådde førsteplassen i USA av ei jentegruppe, The Shirelles.
The Shirelles-versjonen
[endre | endre wikiteksten]I 1960 gav The Shirelles ut sin versjon av songen med «Boys» som B-side. Singelen vart først berre kalla «Tomorrow», før den lengre tittelen seinare vart nytta. Då frontsongaren, Shirley Owens (seinare kjend som Shirley Alston-Reeves), først høyrte songen ville ho ikkje spele han inn fordi ho meinte han var for «country». Ho snudde etter at det vart lagt på strykarar. I 1961 nådde singelen førsteplassen på Billboard Hot 100 i USA. Somme radiostasjonar nekta å spele songen fordi dei meinte teksten var for seksuelt ladd.
Denne versjonen av songen er rangert som den 101. beste gjennom tidene, samt den beste songen frå 1960, av Acclaimed Music.[1]
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]Songen har sidan vorte spelt inn av mange andre artistar. Kjende versjonar er mellom anna gjort av:
- The Michael Stanley Band i Cleveland Agora for konsertalbumet Stage Pass i 1977.
- Mike Berry i januar 1961
- Lil Malmkvist (ei yngre syster av Siw Malmkvist) spelte inn ein svensk versjon kalla «Hur blir det i morgon» i 1961.
- Ronnie James Dio med bandet sitt The Prophets spelte inn versjonen som ein singel i 1962.
- Ben E. King gav ut ein versjon i 1962 på albumet Ben E. King Sings for Soulful Lovers.
- Dusty Springfield gav ut sin versjon i 1964 på albumet A Girl Called Dusty. Springfield spelte òg inn ein franskspråkleg versjon kalla «Demain tu peux changer».
- Jackie DeShannon gav ut sin versjon i 1966 på albumet Are You Ready For This?
- Cher gav ut ein versjon i 1966 på Cher.
- Finest Kind, ein kanadisk harmonitrio, spelte inn songen for Silks & Spices.
- The Four Seasons nådde 24. plass på med songen på Billboard Hot 100 i 1968.
- Sandy Posey spelte inn ein versjon produsert av Joe South i 1968.
- Françoise Hardy spelte inn sin versjon i 1969 for albumet En Anglais.
- Len Barry gav ut ein versjon på albumet 1-2-3 i 1965.
- Linda Ronstadt gav ut sin versjon i 1970 på albumet Silk Purse.
- Carole King, som skreiv songen, gav ut sin eigen versjon i 1971 på albumet Tapestry, med Joni Mitchell og James Taylor på korvokal.
- Roberta Flack sin versjon nådde 26. plass på Billboard Hot 100 i 1972 som «Will You Still Love Me Tomorrow».
- Smokey Robinson gav ut songen på albumet Smokey i 1973.
- Melanie Safka nådde 82. plass på Billboard Hot 100 i 1973 og Topp 40 i Storbritannia i 1974.
- Morningside Drive gav ut ein danseversjon av songen i 1975, som nådde 33. plass på Billboard Hot 100.
- Dana Valery spelte inn ein danseversjon av songen som nådde 95. plass på Billboard Hot 100 i 1976.
- Graham Bonnet spelte inn songen for det første soloalbumet sitt i 1977.
- Dave Mason nådde 39. plass på Billboard Hot 100 i 1978 med sin versjon. Det var den siste versjonen av songen som nådde Topp 40 i USA.
- Brotherhood of Man gav ut sin versjon som singel i 1980.
- Rainbow spelte songen i 1980 på turneen etter Down to Earth.
- Maureen Tucker frå The Velvet Underground spelte inn songen som B-side til singelen «Around and Around» i 1981.
- Dionne Warwick spelte inn songen med The Shirelles i 1983 for albumet How Many Times Can We Say Goodbye.
- Laura Branigan spelte inn songen i 1984 for albumet Self Control.
- Elton John song songen live i 198 for Prince's Trust-konserten.
- Millie Jackson spelte inn songen i 1989 for albumet Back to the Shit!.
- Angus Tung skreiv ein versjon av songen på mandarin i 1989, som vart omsett til kantonesisk for Shirley Kwan og Alan Tam.
- Joe Walsh spelte inn ein versjon av songen i 1992 for albumet Songs for a Dying Planet.
- Patti LaBelle og Loretta Divine song ein balladeversjon av songen for situasjonskommedien Out All Night i 1992.
- Björn Again spelte ein danseversjon av songen i 1993 for albumet Flashback!
- Bryan Ferry hadde ein hit med songen i Storbritannia i 1993 frå albumet Taxi.
- Neil Diamond spelte inn songen i 1993 for albumet Up on the Roof: Songs from the Brill Building.
- Laura Nyro spelte inn songen for det siste albumet sitt, Angel in the Dark i 1994-1995. Albumet vart gjeven ut i 2001.
- Debbie Gibson spelte inn songen i 1995 for albumet Think With Your Heart.
- The Bee Gees spelte inn det som Carole King har kalla den definitive versjonen for eit hyllestalbum for Carole King kalla Tapestry Revisited i 1995.
- Dianne Reeves spelte inn ein smoothjazz-versjon i 1997 for albumet That Day.
- Lorrie Morgan spelte inn ein countryversjon av songen i 1997 for albumet Shakin' Things Up.
- Shawn Colvin spelte songen under rulleteksten på siste episode av The Larry Sanders Show i 1998.
- Me First and the Gimme Gimmes spelte songen i 2001 for albumet Blow in the Wind.
- Amy Winehouse spelte inn ein versjon av songen for filmen Bridget Jones: The Edge of Reason i 2004.
- Lauryn Hill spelte ein versjon av songen på turneen hennar i 2006. Songen er ikkje offisielt gjeven ut.
- John Frusciante frå Red Hot Chili Peppers spelte ofte songen på konsertar under turneen til bandet i 2006-2007.
- Joni Mitchell omtalar songen i «Chinese Café/Unchained Melody».
- Mest nytta refrenget i songen på songen deira «Reason» på Destination Unknown.
- The French Kicks spelte inn ein versjon av songen i 2009 for EPen Covers.
- Lesley Gore spelte songen på albumet hennar Sings All About Love
- Lykke Li spelte ein versjon av songen i juli 2009. Denne kan lastast ned gratis på http://www.lykkeli.com/
- Jennifer Pena spelte inn ein spansk versjon av songen for albumet Jennifer y los Jetz kalla «Cuando Despierte Mañana» i 1997.
- Jentebandet The Like har spelt songen.
- The Afghan Whigs gav ut songen i 1991 på singel.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Will You Love Me Tomorrow» frå Wikipedia på engelsk, den 16. april 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Acclaimed Music Top 3000 songs». 17. april 2011.
127: «Shake, Rattle & Roll» Big Joe Turner |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 126 «Will You Love Me Tomorrow» The Shirelles |
125: «Jumpin' Jack Flash» The Rolling Stones |
- Songar frå 1960
- Singlar frå 1960
- Singlar frå 1961
- Singlar frå 1968
- Carole King-songar
- The Shirelles-songar
- Dusty Springfield-songar
- Linda Ronstadt-songar
- Amy Winehouse-songar
- Songar på toppen av Billboard-lista
- Songar med tekst av Gerry Goffin
- Bryan Ferry-songar
- Cher-songar
- Smokey Robinson-songar
- Elton John-songar
- Neil Diamond-songar
- The Bee Gees-songar
- Lesley Gore-songar
- Beste songar gjennom tidene hos Rolling Stone
- Songar skrivne av Carole King