Wellingborough
Wellingborough | ||
---|---|---|
Wellingborough ved breidda av Nene | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Northamptonshire | |
Distrikt | Wellingborough | |
Grunnlagd | 500-talet | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2007) |
51 177 | |
Koordinatar | 52°18′N 0°42′W / 52.300°N 0.700°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | NN8 NN9 | |
Telefon-retningsnummer | 01933 | |
Wellingborough er ein marknadsby i Northamptonshire i England, omkring 18 km frå Northampton. Han er administrasjonssenter for distriktet Wellingborough.
Byen ligg på nordsida av elva Nene, med den eldste delen i åsen over sletta elva renn over. Han vart grunnlagt på 500-talet og er i Domesday Book (1086) nemnt som Wendelburie. Namnet tyder «Byen til Wendel-folket». I 1201 fekk han marknadsrettar.
Det låg eit mindre kloster der, som var eit anneks til Croyland Abbey omkring 5 mil lenger ned langs elva. Bydelen kor klostret låg heiter no Croyland.
På Elizabeth I si tid var sir Christopher Hatton Lord of the Manor i Wellingborough. Han var ein av sponsorane for ekspedisjonane til sir Francis Drake.
Under den engelske borgarkrigen var det berre ein mindre samanstøyt i byen, men dette fekk noko merksemd fordi soknepresten, Thomas Jones, vart teke med til Northampton av parlamentarianarane. Etter borgarkrigen oppstod det ein stor koloni av Diggers der.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Wellingborough» frå Wikipedia på bokmål, den 14. juli 2011.