Waters Edge
Waters Edge Studioalbum av Sweet | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | August 1980 | |
Innspelt | 1980 | |
Sjanger | Glamrock, poprock | |
Lengd | 36:02 (europeisk), 34:41 (nordamerikansk) | |
Selskap | Polydor | |
Produsent | Sweet, Pip Williams | |
Sweet-kronologi | ||
---|---|---|
Cut Above the Rest (1979) |
Waters Edge | Identity Crisis (1982)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
The Rolling Stone Album Guide | [2] |
Waters Edge er det åttande studioalbumet til det britiske glamrockbandet Sweet, gjeve ut i 1980.
Sweet hadde på denne tida mista mykje av fansen sin og lagt til side den eksperimentelle sida si på den førre plata. Her gjekk dei attende til ei meir streit tilnærming som spelte på styrkane deira.[1]
Allmusic skreiv om albumet: «Dei høyrdest ikkje mykje ut som gammal Sweet, men spor som «Sixties Man», «At Midnight», «Getting in the Mood for Love» og «Hot Shot Gambler» er hektisk, straumlinjeforma 80-talspop som er overraskande god. Dei stablar seg godt ved sida av samtidige artistar som ELO (som dei aper overbevisande godt på «Tell the Truth») eller Rick Springfield.»[1]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songane skrivne og komponerte av Steve Priest, Andy Scott og Mick Tucker utanom der andre er nemnde.
Europeisk utgåve
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Sixties Man» | Peter Hutchins, Pip Williams | 4:12 |
2. | «Getting in the Mood for Love» | 3:04 | |
3. | «Tell the Truth» | Priest, Scott, Gary Moberley | 3:34 |
4. | «Own Up» | 3:19 | |
5. | «Too Much Talking» | Ray McRiner | 3:57 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «Thank You for Loving Me» | Scott, Moberley | 3:43 |
7. | «At Midnight» | Scott | 3:20 |
8. | «Waters Edge» | 2:59 | |
9. | «Hot Shot Gambler» | Priest | 3:34 |
10. | «Give the Lady Some Respect» | McRiner | 4:30 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
11. | «Tall Girls» | 4:30 |
12. | «Oh Yeah!» | 2:21 |
13. | «Sixties Man» (singelutgåve) | 3:52 |
14. | «Give The Lady Some Respect» (singelutgåve) | 3:27 |
Songen «Own Up» er ikkje den same som «Own Up, Take a Look at Yourself», som kom ut som B-side til singelen «Teenage Rampage» i 1974.
Nordamerikansk utgåve (berre LP)
[endre | endre wikiteksten]Dette albumet kom ut i USA og Canada under tittelen VI med eit anna omslag. VI er ein generisk tittel som refererte til at albumet var det sjette av Sweet som kom ut på Capitol Records. Sporlista er òg annleis enn Pollydor-utgåva. Albumet har ikkje kome ut på CD.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Sixties Man» | 4:08 |
2. | «Own Up» | 3:16 |
3. | «Too Much Talking» | 3:57 |
4. | «Tell the Truth» | 3:30 |
5. | «Getting in the Mood for Love» (redigert) | 3:01 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «Thank You for Loving Me» | 3:40 |
7. | «At Midnight» | 3:16 |
8. | «Waters Edge» | 2:54 |
9. | «Hot Shot Gambler» | 3:32 |
10. | «Give the Lady Some Respect» (singelversjon) | 3:27 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Steve Priest - bassgitar, solovokal (spor 1, 2, 8, 9, 10), delt solovokal (spor 3, 6), korvokal
- Andy Scott - gitar, synthesisers, solovokal (spor 5, 7), delt solovokal (spor 3, 6), korvokal
- Mick Tucker - trommer, perkusjon, solovokal (spor 4), korvokal
- Andre medverkande
- Gary Moberley - klaverinstrument
- Pip Williams - produsent (spor 1, 10)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Waters Edge» frå Wikipedia på engelsk, den 3. oktober 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 https://www.allmusic.com/album/waters-edge-mw0000468061
- ↑ Sheffield, Rob; et al. (2004). Brackett, Nathan; Hoard, Christian, red. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 798.