Warszawa-traktaten i 1705
Warszawa-traktaten vart underskriven den 28. november 1705 under den store nordiske krigen.[1] Det var ein fredsavtale og ein allianse mellom Det svenske imperiet og fraksjonen av Det polsk-litauiske samveldet som var lojale til Stanisław Leszczyński.[1][2]
Historisk samanheng
[endre | endre wikiteksten]Tidleg i den store nordiske krigen dreiv Karl XII av Sverige eit felttog i Det polsk-litauiske samveldet, der August den sterke, kurfyrsten av Sachsen, hadde vore konge sidan 1697.[3] Karl XII hadde som må å kasta August av trona og klarte å få sin eigen kandidat Stanisław Leszczyński valt til konge av Polen den 12. juli 1704.[3] August sin allierte, Peter den store, tsaren av Russland, var motvillig til å gå ut mot Karl XII i eit stort slag, etter at han hadde tapt stort i Narva i 1700.[3] Ein fraksjon av den polske og litauiske adelen aksepterte ikkje valet av Leszczyński,[3] som hadde valt å ikkje følgje skikkane i samveldet. Sandomir eller Sandomierz-føderasjonen i samveldet støtta August.[4] Dei erklærte valet som ulovleg, og gjorde støttespelarane til Leszczyński som var organisert i Warszawa-føderasjonen lovlause, erklærte krig mot Sverige og allierte seg med Russland i Narva-traktaten.[5]
Ein russisk-saksisk-polsk-litauisk arme vart så samla ved Polotsk (Polatsk, Połock, Polockas),[1][5] ein annan arme i Sachsen,[6] og ein tredje alliert styrke kommandert av general Pajkul rykte fram mot Warszawa,[1] der Karl XII og Leszczyński oppheldt seg.[5] Dei saksisk-polske-litauiske hestane til Pajkul nådde utkanten av Warszawa den 31. juli 1705, der dei vart slått.[7] Armeen ved Polotsk vart nekta å rykke fram vestover av ein svensk styrke under Adam Ludwig Lewenhaupt.[1] Dermed vart Leszczyński krona til konge av Polen i Warszawa den 4. oktober 1705, og Sverige og fraksjonen av samveldet som representerte Leszczyński signerte ein avtale i Warszawa den 28. september.[1]
Vilkår
[endre | endre wikiteksten]Sverige fekk lov til å okkupere byane og festningane i Det polsk-litauiske samveldet og rekruttere soldatar i området utan restriksjonar.[1][2] Anti-svenske alliansar som var underskriven av samveldet vart erklært ugyldige,[2] og Polen skulle berre skrive under avtalar med samtykke frå Karl XII.[1]
Regionane til samveldet, Kurland, Litauen, Det kongelege Preussen og Rutenia skulle berre eksportere varer gjennom den svenske hamnebyen Riga,[2] den polske hamnebyen Połąga (Palanga, Palonga) i Kurland skulle forlatast.[1][2] I samveldet fekk dei svenske kjøpmennene skattefritak og rettar til å slå seg ned og drive handel.[1]
Avtalen delte vidare områda til samveldet som då var under russisk okkupasjon mellom partane: Områda kring Smolensk og Kiev skulle tilbake igjen til Polen-Litauen, medan Polsk Livland og Kurland skulle gjevast til Sverige då dei var erobra attande.[2]
For framtidige kandidatar til den polske trona, vart avtalen gjort til ein del av pacta conventa, som tydde at alle framtidige kandidatar måtte støtte avtalen.[1]
Etterverknad
[endre | endre wikiteksten]Som venta, så gjorde avtalen det umogeleg for ei intern samling av Warszawa- og Sandomir-føderasjonane.[1] Tidleg i 1706 nådde August den sterke Warszawa med ein kavaleristyrke og tvinga Schulenburg til å flytte armeen sin i Sachsen inn i Polen-Litauen.[8] Schulenburg vart avskoren og slått av Rehnskiöld i slaget ved Fraustadt.[6][8] Armeen samla i Polotsk hadde vorte flytta til Grodno (Hrodna, Gardinas, Garten), der han gjekk på eit taktisk nederlag og vart tvungen tilbake austover.[6][8] Karl XII okkuperte så Sachsen og tvinga August til å forlate både den polske krona og sine allierte i Altranstädt-traktaten i 1706.[6][8]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 1,11 Bromley (1970), s. 699
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Frost (2000), s. 269
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 Anisimov (1993), s. 103
- ↑ Anisimov (1993), s. 103-104
- ↑ 5,0 5,1 5,2 Anisimov (1993), s. 104
- ↑ 6,0 6,1 6,2 6,3 Anisimov (1993), s. 105
- ↑ Bromley (1970), s. 699-700
- ↑ 8,0 8,1 8,2 8,3 Bromley (1970), s. 700
- Denne artikkelen bygger på «Treaty of Warsaw (1705)» frå Wikipedia på engelsk, den 9. desember 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Anisimov, Evgeniĭ Viktorovich (1993). The reforms of Peter the Great. Progress through coercion in Russland. The New russiske history. M.E. Sharpe. ISBN 1563240475.
- Bromley, J. S. (1970). Rise of Storbritannia & Russland, 1688-1725. The New Cambridge Modern History 6. CUP Archive. ISBN 0521075246.
- Frost, Robert I (2000). The Northern Wars. War, State and Society in Northeastern Europe 1558-1721. Harlow: Longman. ISBN 978-0-582-06429-4.