Hopp til innhald

Volume Two av Soft Machine

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Volume Two
Studioalbum av The Soft Machine
Språk engelsk
Utgjeve September 1969
Innspelt Februar og mars 1969
Studio Olympic Studios i London
Sjanger Progressive rock, Canterbury scene, jazzrock, psykedelia
Lengd 33:20
Selskap Probe SPB 1002 (Storbritannia); CPLP-4505 (USA)
Produsent The Soft Machine
The Soft Machine-kronologi 
The Soft Machine
(1968)
Volume Two Third
(1970)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 stars[1]

Volume Two er det andre studioalbumet til Soft Machine, utgjeve i 1969. Humoren, dadaismen og psykedeliaen frå The Soft Machine (1968) er her ført vidare med ein smak av jazz.

Albumet var inspirert av Frank Zappa sitt Absolutely Free, og består av to lange komposisjonar – «Rivmic Melodies » og «Esther's Nose Job» – med «As Long as He Lies Perfectly Still» og «Dedicated to You» som mellomspel. Etter anbefaling frå Zappa, delte bandet hovudspora opp i mindre stykke som fekk vilkårlege namn etter lydeffektbanda i studio.[2]

I teksten til «Have You Ever Bean Green?» takka Soft Machine Jimi Hendrix Experience, som dei nettopp hadde turnert med gjennom USA i 1968. Som oppvarmingsband for Hendrix vart dei eksponert fort eit stort publikum for første gongen. Tittelen på denne songen er eit ordspel på refrenget i Hendrix-songen «Are You Experienced?», «Have you ever been experienced?». Wyatt takka «Brian» (Brian Hopper) og «George» (lydteknikar George Chkiantz) i den neste delen, Pataphysical Introduction – Pt. 2, som òg inneheld eit sitat frå «These Foolish Things». Tittelen på komposisjonen på side to, «Esther's Nose Job», kjem frå eit kapittel i Thomas Pynchon-romanen V.

  1. «Rivmic Melodies»
    1. «Pataphysical Introduction – part I» (Robert Wyatt) – 1:00
    2. «A Concise British Alphabet – part I» (Hugh Hopper, arr. Wyatt) – 0:10
    3. «Hibou, Anemone and Bear» (Mike Ratledge / R. Wyatt) – 5:58
    4. «A Concise British Alphabet – part II» (H. Hopper / R. Wyatt) – 0:12
    5. «Hulloder» (H. Hopper / R. Wyatt) – 0:52
    6. «Dada Was Here» (H. Hopper / R. Wyatt) – 3:25
    7. «Thank You Pierrot Lunaire» (H. Hopper / R. Wyatt) – 0:47
    8. «Have You Ever Bean Green?» (H. Hopper / R. Wyatt) – 1:23
    9. «Pataphysical Introduction – part II» (R. Wyatt) – 0:50
    10. «Out of Tunes» (M. Ratledge / H. Hopper / R. Wyatt) – 2:30
  1. «As Long as He Lies Perfectly Still» (M. Ratledge / R. Wyatt) – 2:30
  2. «Dedicated to You But You Weren't Listening» (H. Hopper) – 2:30
  3. «Esther's Nose Job»
    1. «Fire Engine Passing with Bells Clanging» (M. Ratledge) – 1:50
    2. «Pig» (M. Ratledge) – 2:08
    3. «Orange Skin Food» (M. Ratledge) – 1:52
    4. «A Door Opens and Closes» (M. Ratledge) – 1:09
    5. «10:30 Returns to the Bedroom» (M. Ratledge / H. Hopper / R. Wyatt) – 4:14

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]
Andre medverkande
  1. Kurtz, P. «Volume Two - Soft Machine | AllMusic». allmusic.com. Henta 22. juli 2019. 
  2. Bennett, G. Soft Machine: Out-Bloody-Rageous. London: SAF Publishing Ltd., 1993
  3. «Hugh Hopper - 1962-1972». Hulloder.nl. Arkivert frå originalen 19. juli 2012. Henta 22. juli 2019.