Vindafjord kommune
Utsjånad
- «Vindafjord» omdirigerer hit. For fjorden kommunen har namn etter, sjå Vindafjorden.
Vindafjord kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Rogaland | ||
Adm.senter | Ølensjøen | ||
Areal | 620 km² | ||
• land | 599 km² | ||
• vatn | 21 km² | ||
Folketal | 8 938 (1. januar 2024) | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Ole Johan Vierdal (Sp) | ||
Kommunenr. | 1160 | ||
Vindafjord kommune 59°32′44″N 5°49′05″E / 59.545556°N 5.818056°E | |||
Kart som viser Vindafjord kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Vindafjord | |||
Nettstad: www.vindafjord.kommune.no |
Vindafjord er ein kommune på Haugalandet i Rogaland fylke. På land grensar kommunen mot Tysvær i sørvest, mot Suldal i søraust og mot hordalandskommunen Etne i aust. I sjøen har Vindafjord grense mot Sveio i vest, Stord i nordvest og Kvinnherad i nordaust. Alle dei tre sistnemnde kommunane ligg i Vestland fylke. Kommunen har teke namn etter Vindafjorden, ein fjordarm i Boknafjorden. Vindafjorden utgjer den sørlege grensa mot Suldal. Den noverande Vindafjord kommune oppstod 1. januar 2006 ved samanslåinga av Ølen kommune og den tidlegare Vindafjord kommune. Kommunesenteret er Ølensjøen – Vikedal var senter i gamle Vindafjord kommune.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Ølen
-
Sandeid
-
Vindafjordhallen i Vats (Brunnen ned i 2019)
-
Vikebygd