Vilde Bjerke
Vilde Bjerke | |||
Fødd | 26. juni 1960 (64 år) | ||
---|---|---|---|
Verka som | skodespelar, skribent, songar | ||
Mor | Henny Moan | ||
Far | André Bjerke |
Vilde Bjerke (fødd 26. juni 1960) er ein norsk artist, skodespelar og forfattar.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Bjerke er dotter av diktaren André Bjerke og skodespelaren Henny Moan, og stedptter av Ole Paus, som vart sambuaren til mora i 1973. Foreldra hennar introduserte namnet Vilde i Noreg med henne.[1] På farssida er Vilde Bjerke syster av Tone Bjerke og tidlegare svigerinne til Olav Bjørshol – far til Ari Behn – og på morssida er ho syster av Ole Paus sin son Sole.[2][3]
Bjerke har gått på Toneheim folkehøgskole og Østlandets Musikkonservatorium, der ho utdanna seg til bratsjist. I tillegg har ho teke mellomfag i fransk, teatervitskap og litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo. Ho er busett på Lillehammer.
Arbeid
[endre | endre wikiteksten]Bjerke debuterte som tekstforfattar som 13-åring i 1973 med songen «Blomsten» på Ole Paus si plate Blues for Pyttsan Jespersens pårørende.[4] Han skreiv òg songen «Og en for Vilde» til henne, utgjeven på plata Ole Bull Show, òg frå 1973. Om stefaren uttalte ho seinare: «Han var som en far i fem år. Han spilte nyskrevne tekster for meg og inspirerte meg til å spille gitar og skrive. Han var viktig for hele utviklingen min».[5]
Ho har hatt fleire mindre skodespelarroller, blant anna i Bentein Baardson si oppsetjing av Peer Gynt på NRK, og dessutan i Magnus Nilssons Solmomentet på svenske SVT i 1989. Som artist er Bjerke mest kjend for albumet Alene (2004). Vilde Bjerke har sidan 1978 jobba aktivt for å formidla forfattarskapen til faren.[6] Ho held førestillingar, har gjeve ut CD-er med barneversa til André Bjerke, og dessutan skrive boka Du visste om et land – Om min far André Bjerke (2002).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Varden 2. juni 2015, s. 41
- ↑ «Ari forsonet med far». VG.
- ↑ Teaterdronningen
- ↑ Fyrverkeriet Vilde (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 28. november 2018, henta 20. november 2021
- ↑ På Vildes veier, Utdanning 9. mai 2014, s. 28–31
- ↑ Vilde Bjerke i pappa fotspor
- Denne artikkelen bygger på «Vilde Bjerke» frå Wikipedia på bokmål, den 20. november 2021.