Vigelandsanlegget
59°55′38.676″N 10°41′59.680″E / 59.92741000°N 10.69991111°E
Vigelandsanlegget er ein del av Frognerparken i Oslo. I parken er det om lag 200 skulpturar i bronse, granitt og smijern av kunstnaren Gustav Vigeland. Skulpturane er hovudsakelig plassert langs ein bein sentral akse innover i parken frå hovudporten i Kirkeveien, med granittskulpturen Monolitten kneisande som det visuelle midtpunktet. Dei fleste gipsmodellane til skulpturane er tekne vare på og stilde ut i Vigeland-museet i nærleiken av Frognerparken.
Vigelandsanlegget, som ofte vert omtalt som «Vigelandsparken»[1][2], er eigenleg ikkje ein sjølvstendig park, men namnet på den skulpturparken i Frognerparken som vart opparbeidd etter dei planane Gustav Vigeland stod attom, med blomerabattar og plenar, vegar, bru med dammar oppstraums og nedstraums, terassar, balustradar, smijarnsportar med ulike motiv og mykje anna.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Frognerparken i Sentralt stedsnavnregister
- ↑ Einar Solvoll (14.11.2008). «Aften spør for deg». Aftenposten. «Vigelandsparken finnes egentlig ikke! Vigelandsanlegget er en del av Frognerparken, som er det store restarealet av Frogner hovedgård»
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Vigelandsmuseet, historikk om parken Arkivert 2018-02-20 ved Wayback Machine.
- Vigelandsanlegget i kulturminnesok.no, nettstaden til RiksantikvarenDenne kunstartikkelen som har med Oslo å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.