Vigdis Giltun
Utsjånad
Vigdis Giltun | |||
| |||
Fødd | 11. mars 1952 (72 år) Oslo | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Framstegspartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Vigdis Karen Giltun (fødd 11. mars 1952 i Oslo) er ein norsk politikar frå Framstegspartiet. Ho vart vald inn på Stortinget frå Østfold fylke i 2005 og vald på nytt i 2009.
Giltun er utdanna som teknisk teiknar frå Oslo Elementærtekniske skole i åra 1969–71 og har arbeidd i ei rekkje firma som teknisk teiknar, av dei Asea - Per Kure, Manpower, Skuteng og Aker Element. Ho tok fagbrev som ortopediteknikar i 1999 og arbeidde for SunChris Ortopediske frå 1992 til 2003.
Giltun har vore medlem av kommunestyra i Onsøy og Fredrikstad.
Stortingskomitear
[endre | endre wikiteksten]- 2005–09: medlem av helse- og omsorgskomiteen
- 2009–: medlem av arbeids- og sosialkomiteen
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Stortinget.no - Biografi
- Framstegspartiet - Biografi Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine.