Valdemar I av Danmark
Valdemar I av Danmark | |||
| |||
Fødd | 14. januar 1131 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Schleswig | ||
Død | 12. mai 1182 | ||
Dødsstad | Vordingborg | ||
Gravstad | St. Bendts kirke | ||
Gift med | Sofia av Minsk | ||
Dynasti | Huset Estridsen | ||
Far | Knut Lavard | ||
Mor | Ingeborg av Kyiv | ||
Born | Knut VI av Danmark, Valdemar II av Danmark, Ingeborg av Danmark, Helene av Danmark, Rikissa av Danmark, Sophia av Danmark, Christoffer, Marie Valdemarsdottir, Margaret Valdemarsdottir |
Valdemar den store (14. januar 1131–12. mai 1182) var ein dansk konge. Han var medkonge 1147-1157 og einekonge 1157-1182.
Han var son av Knud Lavard og Ingeborg av Kiev. Valdemar vart fødd berre 8 dagar etter at faren hans blei drepen, og voks opp hjå den sjællandske hovdingen Asser Rig saman med sønene hans Absalon og Esbern Snare.
Dansk konge
[endre | endre wikiteksten]Under striden om retten til trona mellom Svein Grathe og Knut, slutta han seg til Svein, som i 1147 gjorde han til hertug av Slesvig. I 1154 gjekk Valdemar over til Knuts iside og trulova seg med halvsystera hans Sofie. Valdemar blei konge i Jylland i 1157, då riket blei delt mellom Svein, Knut og Valdemar. Seinare det året blei han einekonge, etter at Knut var blitt drepen under det såkalla blodgildet i Roskilde. Valdemar klarte å koma seg unna, og etter å ha samla ein hær slo han Svein på Grathe Hede, slik at han blei einekonge over heile Danmark.
Kampar mot vendarane
[endre | endre wikiteksten]Valdemar bygde opp ei sterk kongemakt og retta fleire slag mot vendarane (slavisk folk), støtta av vennen Absalon, som han utnemnde til biskop i Roskilde i 1158. I 1159 samla Valdemar ein sjællandsk flåte og gjennomførte eit tokt mot vendarane. Dei følgjande åra gjennomførte han ei rekkje tokt, noko som kulminerte med at han inntok Rügen i 1169. I samband med dette knuste dei kjente gudebilde. Valdemar gjekk i gang med å sikra grensa i riket mot sør, dels ved å bygga Valdemarsmuren i tilknyting til Dannevirke, dels ved å bygga festningsanlegg fleire stader i landet, m.a. ved Korsør og Nyborg. Absalon bygde ei festning på ei lita øy utanfor handelsplassen Havn (København) ved Øresund, kjend som Absalons borg.
Konflikt med kyrkja
[endre | endre wikiteksten]Den europeiske maktkampen mellom paven og keisaren nådde Danmark i 1160, då dei fleste bispar med Absalon i spissen støtta kongen, og erkebiskop Eskil måtte dra i utlegd i Frankrike. Krona og kyrkja kom til forsoning, og dette blei markert ved at far til Valdemar, Knud Lavard, blei opphøgd til helgen av pave Aleksander III og gravlagd i St. Bendts kyrkje i Ringsted. Samtidig blei den 7-årige soen til Valdemar, Knut VI, krona og salva som medkonge for å sikra arvefølgja. Dermed kan ein seia at det var Valdemar den store som innførte arvekongedøme i Danmark.
I 1177 trekte Eskil seg tilbake og Absalon blei utnemnd til erkebiskop i Lund. Absalon innsette fleire venner i leiande postar. I 1180 braut det ut eit ope opprør, og Absalon måtte flykta. Valdemar og Absalon vende tilbake i 1181 med ein hær og nedkjempa opprøret.
Norsk konge
[endre | endre wikiteksten]Valdemar hadde òg interesser i Noreg. Ifølgje Snorre hadde han eit samarbeid med den norske jarlen Erling Skakke, far til kong Magnus Erlingsson og i praksis riksstyrar medan sonen var mindreårig.[1] I 1165 kom Valdemar til Noreg. Ifølgje den danske historieskrivaren Saxo blei han tatt til konge over Viken (Oslofjord-området) på Borgartinget i Sarpsborg.[2] Snorre hevdar likevel at vikværingane nekta å ta Valdemar til konge.[3] Truleg er det Saxo som er mest truverdig her, medan Snorre gir eit forvrengt bilde for å framstilla Erling meir positivt. Snorre er tydeleg på Erling og Magnus si side, medan ein i Danmark sympatiserte med motstandaren deira, kong Håkon Herdebrei.[4]
Ettermæle
[endre | endre wikiteksten]I regjeringstida til Valdemar fann det stad store endringar i det danske samfunnet. Leidangsplikta blei avløyst av ein leidangsskatt, og for at dei skulle kunna husa kongen når han reiste rundt i landet, skulle bøndene no betala ein skatt til ombodsmennene til kongen (heile apparatet med ombodsmenn blei utbygga og vesentleg forbetra under Valdemar den store). Kongen fekk òg fleire inntekter i form av at kongen overtok ingenmandsland; det ingen eig, eig kongen. Valdemar tente òg godt på avgifter på den såkalla «Skånemarkedet» (sildemarknaden) i Skåne.
Valdemar døydde på Vordingborg slott 12. mai 1182. Bøndene i området bar liket til St. Bendts kyrkje, der han blei gravlagd. Saman med ektefellen Sofie fekk han sønene Knut og Valdemar Seier, og dessutan seks døtrer.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Valdemar I av Danmark» frå Wikipedia på bokmål, den 9. mars 2022.