Urtehagen på Knatten
Forfattar(ar) | Annemarta Borgen | ||
---|---|---|---|
Utgjeven | 1973 | ||
Nasjonalitet | Norsk | ||
Forlag | Gyldendal Norsk Forlag | ||
Sider | 173 |
Urtehagen på Knatten er ei bok skriven av Annemarta Borgen og utgjeven av Gyldendal Norsk Forlag i 1973. Boka har undertittelen -en bok om urter, mat og meget annet og inneheld i tillegg til oppskrifter og dyrkingrettleiingar mykje kulturhistorie sett frå staden Knatten på Asmaløy i Hvaler kommune lengst sør i Østfold, der Annemarta Borgen og forfattarmannen Johan Borgen budde med huslyden frå sist på 1960-talet og framover.[1][2]
Urtehagen på Knatten var debutboka til Annemarta Borgen. Ho skreiv seinare mellom anna Rosehagen på Knatten (1982), Fisk fra kjøkkenet på Knatten (1983) og Deg (1981).
Boka har kome i mange opplag og utgåver og er også omsett til dansk.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Boka er deld i to hovudbolkar, ein om innanlandske ville krydderurter, og ein om utanlandske krydderurter.
Innanlandske ville krydderurter[endre | endre wikiteksten] |
Utanlandske krydderurter[endre | endre wikiteksten] |
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Annemarta Borgen (1981). Deg. Oslo: Gyldendal. s. 311. ISBN 8205131414.
- ↑ Arne Dvergsdal (26. april 2002). «Borgen i hundre hylles på Knatten». Dagbladet. Henta 12. april 2013.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Urtehagen på Knatten digitalisert hjå Nasjonalbiblioteket