UFFA
Utsjånad
UFFA eller Ungdom For Fri Aktivitet er eit sjølvstyrt ungdomshus i Trondheim.
UFFA vart starta i 1981 og heldt opphavleg til i eit okkupert hus i Kjøpmannsgata. Då dette huset brann i 1982, fekk UFFA overta nedlagde Østbyen Barnehage i Innherredsveien.
UFFA er og har vore tilhaldsstad for ei rekkje band i Trondheim, har og har hatt ei viktig rolle i konsertlivet, husa anarkistavisa/magasinet Folk og Røvere samt diverse anarkistiske/radikale organisasjonar. På UFFA finn ein òg vegetarkaféen Kafe Knaillhard. Bokkaféen Ivar Matlaus har òg ein filial på UFFA.
UFFA-miljøet er politisk aktive og har mellom anna delteke i antirasistiske markeringar og demonstrasjonen mot NATO sitt toppmøte i Åre.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Hard Rock Kafé og Uffa, Trondheim» av Åge Utnes Arkivert 2006-08-31 ved Wayback Machine.