Hopp til innhald

Twist and Shout

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Twist and Shout
Singel av The Top Notes
A-side

Always Late (Why Lead Me On)

Språk engelsk
Utgjeve 1961
Innspelt 23. februar 1961, Atlantic Studios, New York City
Sjanger Rock and roll, R&B
Lengd 2:05
Selskap Atlantic (45-2115)
Komponist Phil Medley, Bert Berns
Tekstforfattar Bert Berns, Phil Medley
Låtskrivar(ar) Bert Berns, Phil Medley
Produsent Phil Spector
The Top Notes-kronologi 
«Hearts of Stone» (1961) Twist and Shout «Wait For Me Baby» (1962)


Twist and Shout
Singel av The Isley Brothers
B-side

Spanish Twist

Språk engelsk
Utgjeve 16. juni 1962
Innspelt New York City, 1962
Sjanger Rock and roll, R&B
Lengd 2:27
Selskap Wand (653)
Komponist Phil Medley, Bert Berns
Tekstforfattar Bert Berns, Phil Medley
Låtskrivar(ar) Phil Medley, Bert Russell
Produsent Bert Russell
The Isley Brothers-kronologi 
«Shout» (1962) Twist and Shout «Twistin' with Linda» (1962)


Twist and Shout
Song av The Beatles
frå albumet Please Please Me
Utgjeve 22. mars 1963
Innspelt 11. februar 1963, EMI, London
Sjanger Rock and roll
Lengd 2:32
Selskap Parlophone
Komponist Phil Medley, Bert Berns
Tekstforfattar Bert Berns, Phil Medley
Låtskrivar(ar) Phil Medley, Bert Russell
Produsent George Martin

Well, shake it up, baby, now,
Twist and shout
C'mon c'mon, c'mon, c'mon, baby, now
Come on and work it on out.

Phil Medley og Bert Russell

«Twist and Shout» er ein song skrive av Phil Medley og Bert Russell. Han vart opphavleg spelt inn av the Topnotes og så igjen av The Isley Brothers. Han vart seinare spelt av The Beatles med John Lennon på vokal og gjeve ut på albumet deira Please Please Me og av Brian Poole and the Tremeloes. Songen vart òg spelt av The Mamas & the Papas som ein ballade i 1967.

Phil Spector produserte originalversjonen i 1961 for Top Notes, men dette var før han hadde utvikla «Wall of Sound»-teknikken han seinare vart kjend for og innspelinga mangla energien som gruppa viste på konsertar og vart heller ikkje særleg populær.[1]

Isley Brothers spelte inn ei utgåve av songen i 1962 og songen vart deira første som nådde Topp 20 på den amerikanske Billboard Hot 100-lista.

The Beatles-utgåva

[endre | endre wikiteksten]

The Beatles si utgåve av songen vart gjeven ut på det første albumet deira, Please Please Me, i 1963. Songen vart spelt inn i lag med elleve andre songar for albumet på berre 10 timar. Twist and Shout var den siste songen som vart spelt inn fordi produsent George Martin visste at stemma til John Lennon kom til å slite etter framføringa. Lennon var forkjølt og drakk mjølk og åt halspastillar for å roe ned halsen. Likevel gjorde han ei bra framføring med ei hes og dynamisk stemme. Han sa seinare at stemma hans ikkje var den same i lang tid etterpå, og kvar gong han svelgde kjentest det som sandpapir.[2] Det vart gjort eit andre forsøk på songen, men stemma til Lennon hadde då forsvunne så det første forsøket vart nytta på albumet.[3] Dette er ein av dei første Beatles-songane der gruppa syng «wooo» i harmoni, som skulle verte eit kjenneteikn på tidleg Beatles og «Beatlemania».

2. mars 1964 vart songen gjeven ut på singel i USA med «There's a Place» som Bside.[4] I april 1964 nådde songen andre plass på den amerikanske singelliste, ei veke då Beatles hadde dei fem øvste plasseringane på lista. Songen vart den einaste coverversjonen som Beatles hadde inne på ei hitliste. I januar 1964 gjekk songen òg inn på Topp 10-lista i Noreg på ein 7. plass. Han låg tre veker på lista.[5]

Beatles spelte songen som avslutningsnummer på Sunday Night at the London Palladium i oktober 1963, ei hending som markerte starten på «Beatlemania». Dei spelte òg songen på Ed Sullivan Show i februar 1964.

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]

Salstrofé og singlar

[endre | endre wikiteksten]

Salslister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (1964) Plassering
Australsk Kent Music Report[6] 5
Nederland (Mega Single Top 100)[7] 9
Noreg (VG-lista)[8] 7
US Billboard Hot 100[9] 2
US Cash Box Top 100[10] 1
Vest-Tyskland - Media Control[11] 10
Liste (1986) Plassering
US Billboard Hot 100[9] 23
Liste (2010) Plassering
UK Singles (Official Charts Company)[12] 48

Salstrofé

[endre | endre wikiteksten]
Region Salstrofé Salstal
USA (RIAA)[13] Platina 2 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

  1. «The Atlantic Story». 
  2. The Beatles. The Beatles Anthology. Chronicle Books, LLC, 2000.
  3. Mark Lewisohn, The Complete Beatles Recording Sessions
  4. http://stevesbeatles.com/vinyl/american/singles.asp Arkivert 2008-08-07 ved Wayback Machine. Beatles sine amerikanske singlar
  5. VG-lista
  6. Kent, David (2005). Australian Chart Book (1940–1969). Turramurra: Australian Chart Book. ISBN 0-646-44439-5. 
  7. "Dutchcharts.nl – The Beatles – Twist and Shout" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 10. mars 2018.
  8. "Norwegiancharts.com – The Beatles – Twist and Shout". VG-lista. Hung Medien. Henta 10. mars 2018.
  9. 9,0 9,1 "Beatles?f=379&g=Singles The Beatles Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for The Beatles. Prometheus Global Media. Henta 10. mars 2018.
  10. Hoffmann, Frank (1983). The Cash Box Singles Charts, 1950-1981. Metuchen, NJ & London: The Scarecrow Press, Inc. s. 32–34. 
  11. «Offizielle Deutsche Charts» (Enter "Beatles" in the search box) (på tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 10. mars 2018. 
  12. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 10. mars 2018.
  13. «American single salstrofé – The Beatles – Twist and Shout». Recording Industry Association of America. Henta May 14, 2016.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]