Tungurahuaprovinsen
Tungurahua | |||
provins | |||
|
|||
Land | Ecuador | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Ambato | ||
Areal | 3 386,25 km² | ||
Folketal | 563 532 (2022)[1] | ||
Språk | spansk | ||
Tungurahuaprovinsen 1°14′00″S 78°32′00″W / 1.2333333333333°S 78.533333333333°W | |||
Kart som viser Tungurahuaprovinsen.
| |||
Wikimedia Commons: Tungurahua Province |
Tungurahua (spansk uttale: [tuŋɡuˈɾawa]) er ein provins som ligg i Andes i La Sierra-regionen, sentralt i høglandet i Ecuador. Han har namn etter vulkanen Tungurahua. På eit område på rundt 3400 km² bur det omtrent 560 000 menneske. Provinshovudstaden er Ambato. Ein annan by som er spesielt viktig for turismen, er Baños. Ved sida av Tungurahua ligg også fjellet Carihuairazo, som er over 5000 meter høgt. Panamericana-vegen går frå nord til sør gjennom provinsen.
Han grensar mot Cotopaxi i nord, Napo i nordaust, mot Pastaza og Morona Santiago i aust, mot Chimborazo i sør og mot Bolívar i vest. I den ytre austlege delen av provinsen finst overgangen mellom Andesfjella og Amazonasbassenget. Med arealet sitt på knapt 3000 km² er Tungurahua den minste av dei ecuadorianske provinsane.
Provinsen er delt inn i 9 kantonar, den mest folkerike kantonen er Ambatokantonen med over 370 000 innbyggjarar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Provinz Tungurahua» frå Wikipedia på tysk, den 29. september 2024
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Principales resultados» (på spansk). Henta 26. september 2023.