Trond Waage
Trond Waage | |||
Fødd | 14. februar 1953 | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Noreg | ||
Område | UNICEF | ||
Yrke | embetsmann | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
Alma mater | Universitetet i Oslo | ||
Verv | Barneombod 1996-2004 |
Trond Waage (fødd 14. februar 1953) er ein norsk spesialpedagog. Sidan 2005 har han vore Senior Fellow ved UNICEF sitt internasjonale forskingssenter, UNICEF IRC i Firenze. Før dette var han barneombod.
Waage har embetseksamen i spesialpedagogikk (cand.paed.spec.) frå Universitetet i Oslo. Frå 1980 til 1990 var han leiar for TV-avdelinga ved Institutt for spesialpedagogikk, Universitetet i Oslo/Spesiallærarhøgskulen. I perioden 1987–1991 hadde han oppdrag for UNICEF i Kina og Nord-Korea. Vidare var han rådgjevar i International Council for Distance Education (ICDE) frå 1990 til 1992 og forskingskoordinator i Childwatch International, eit internasjonalt nettverk for barneforsking, i perioden 1992–1996. Deretter vart han utnemnd til barneombud, ei stilling han hadde i to åremålsperiodar, frå 1996 til 2004.
Waage har hatt mange verv, hovudsakleg knytt til rettane til born:
- Leiar av utreiinga Det nasjonale kunnskapsnett (SOFF rapport 5, 1993).
- Medlem av komiteen som evaluerte barneombudet i Noreg (NOU 1995:26).
- Medlem av leiargruppa for European Network of Ombudsperson for Children (1997–2001), ein periode òg som leiar.
- Programme Award Member of ChildNet International
- Styremedlem i John Carew Foundation 2005–2006.
- Medlem av hovudkomiteen for Helse- og Rehabiliterings Extra-midlar 1998-2004.
- Styremedlem i Children and War Foundation 2000-2004.
- Leiar av Bransjerådet for Apoteka 2006-2007.
Han har forska, publisert og forelese rundt temaa barndom i endring, moderne barndom, rettane til born og sjølvstendige menneskerettsinstitusjonar for born.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Trond Waage» frå Wikipedia på bokmål, den 6. november 2010.