The Great Society
The Great Society | |||
Grace Slick, Jerry Slick, David Miner, Bard Dupont og Darby Slick i 1965. | |||
Opphav | San Francisco i California i USA | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1965–1966 | ||
Sjanger | Psykedelisk rock,[1] acidrock[2] | ||
Tilknytte artistar | Jefferson Airplane | ||
Plateselskap | Northbeach, Challenge, Columbia, Sundazed | ||
Tidlegare medlemmer | Darby Slick Grace Slick Jerry Slick Peter van Gelder David Miner Bard Dupont Oscar Daniels Jean Piersol |
The Great Society (òg kjend som The Great!! Society!!) var eit rockeband frå San Francisco som eksisterte frå 1965 til 1966, og var nært knytt til det blømande acidrockmiljøet i Bay Area på pden tida. Den mest kjende besetninga bestod av Grace Slick på vokal, den dåverande ektemannen Jerry Slick på trommer, broren hans Darby Slick på gitar, David Miner på vokal og gitar, Bard DuPont på bass og Peter van Gelder på fløyte, bass og saksofon. Miner og DuPont var ikkje med i bandet heile perioden.[3]
Bandet gav berre ut ein singel medan dei varte, Darby Slick-songen «Someone to Love» (med «Free Advice» som B-side). Singelen kom ut i februar 1966 på Autumn Records, men vart ikkje lagt merke til utanfor Bay Area. Innspelinga vart produsert av produsenten på selskapet, Sylvester Stewart (betre kjend som Sly Stone), som på den tida var i ferd med å skipe sitt eige band, Sly and the Family Stone. Stewart slutta til slutt som produsenden deira, då det tok The Great Society over femti forsøk på å spele inn ein brukande versjon av songen «Free Advice».
Bandet byrja å varme opp for Jefferson Airplane og andre populære, lokale band og Columbia Records tilbaud The Great Society ein platekontrakt. Men då kontrakten kom i posten, valde Grace å erstatte vokalisten Signe Toly Anderson i Jefferson Airplane.[4] Sidan Grace hadde vore midtpunktet i bandet, klarte dei ikkje å halde saman utan henne og vart oppløyst hausten 1966. Grace og Jerry Slick vart etter kort tid òg skilde.
Jefferson Airplane spelte inn «Someone to Love» (omdøypt «Somebody to Love») og Grace sin eigen «White Rabbit» for Surrealistic Pillow. Begge songane kom ut på singlar i 1967 og nådde høvesvis femte og åttandeplassen på Billboard Hot 100.[5] Columbia Records gav så ut konsertopptak med The Great Society, som Conspicuous Only in its Absence i 1968.
Medlemmar
[endre | endre wikiteksten]- Darby Slick - gitar, korvokal (1965-1966)
- Grace Slick - vokal, piano, blokkfløyte, orgel, gitar, bass (1965-1966)
- Jerry Slick - trommer (1965-1966)
- Peter van Gelder - bass, fløyte, saksofon (1965-1966)
- David Miner - vokal, gitar (1965-1966)
- Bard Dupont - bass, munnspel (1965-1966)
- Oscar Daniels - gitar (1965)
- Jean Piersol - vokal (1965)
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Album
[endre | endre wikiteksten]Album | Selskap | Utgjeving | Innspeling | Detaljar |
Conspicuous Only in Its Absence1 | Columbia | 1968 | 1966 | Konsertopptak utgjeven etter Jefferson Airplane fekk suksess |
How It Was | Columbia | 1968 | 1966 | Fleire konsertopptak |
Collector's Item | Columbia | 1971 | 1966 | Dobbelplate med dei to tidlegare Columbia-platene |
Live at the Matrix | Edsel/Demon | 1989 | 1966 | Britisk nyutgjeving av dei same konsertopptaka som tidlegare |
Born to Be Burned | Sundazed | 1995 | 1965 | Akrivmateriale med tidlegare ikkje ugjevne studioinnspelinga |
Singlar
[endre | endre wikiteksten]- «Someone to Love»/«Free Advice» (Northbeach No. 1001) februar 1966
- «Sally, Go 'Round The Roses»/«Didn't Think So» (CBS 44583) 1968
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «The Great Society» frå Wikipedia på engelsk, den 9. juni 2019.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Slick, Darby (1993). Don't You Want Somebody to Love: Reflections on the San Francisco Sound. SLG Books. ISBN 0-943389-08-9.
- ↑ Prown, Pete; Newquist, Harvey P. (1997). Legends of Rock Guitar: The Essential Reference of Rock's Greatest Guitarists (4. utg.). Hal Leonard Corporation. s. 48. ISBN 0-205-13703-2.
- ↑ Hall, Mitchell K. (2014). «Chapter 4: Psychedelia». The Emergence of Rock and Roll: Music and the Rise of American Youth Culture. Routledge. ISBN 978-0-415-83312-7.
- ↑ «The Great Society». last.fm. Henta 9. juni 2019.
- ↑ Gilliland, John (1969). «Show 41 - The Acid Test: Psychedelics and a sub-culture emerge in San Francisco. [Part 1] : UNT Digital Library» (audio). Pop Chronicles. Digital.library.unt.edu. Henta 29. april 2011.
- ↑ http://www.billboard.com/artist/304407/jefferson-airplane/chart?mobile_redirection=false