The Firm
The Firm | |||
Opphav | England | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1984–1986 | ||
Sjanger | Hardrock, bluesrock | ||
Tilknytte artistar | Led Zeppelin, Free, Bad Company, AC/DC, Manfred Mann's Earth Band | ||
Plateselskap | Atlantic Records | ||
Tidlegare medlemmer | Paul Rodgers Jimmy Page Tony Franklin Chris Slade |
The Firm var ei supergruppe frå England som bestod av tidlegare Free- og Bad Company-songar Paul Rodgers, tidlegare Led Zeppelin-gitarist Jimmy Page, tidlegare Uriah Heep- og Manfred Mann's Earth Band-trommis Chris Slade og bassist Tony Franklin. Page og Rodgers ønskte opphavleg tidlegare Yes-trommeslagar Bill Bruford og bassisten Pino Palladino i gruppa. Bruford hadde derimot kontrakt med eit anna selskap og Palladino var oppteken med å turnere med Paul Young.
Både Page og Rodgers nekta å spele songar frå sine tidlegare band og spelte heller nye Firm-songar og songar frå soloalbuma sine. Dei nye songane hadde ein soul-aktig og kommersiell stil. Den siste songen frå The Firm, «Midnight Moonlight» var opphavleg ein Led Zeppelin-song dei aldri gav ut, kalla «The Swan Song». Dette fekk somme kritikarar til å meine at Page hadde gått tom for idear. Etter bandet vart oppløyst gjekk Page og Rodgers attende til solokarrierane sine, medan Chris Slade vart med AC/DC og Franklin slo seg saman med gitarist John Sykes i Blue Murder.
Bandmedlemmar
[endre | endre wikiteksten]- Paul Rodgers - solovokal, rytmegitar, akustisk gitar
- Jimmy Page - solo- & rytmegitar, akustisk gitar
- Tony Franklin - bass, klaverinstrument, synthesizer
- Chris Slade - trommer, perkusjon, korvokal
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Album
[endre | endre wikiteksten]- The Firm (1985)
- Mean Business (1986)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «The Firm (rock band)» frå Wikipedia på engelsk, den 28. mars 2011.