Hopp til innhald

The Early Singles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Early Singles
Samleplate av Pink Floyd
Språk engelsk
Utgjeve 24. november 1992
Innspelt 1967-1968
Sjanger Psykedelisk rock
Lengd 33:23
Selskap EMI (Europa), Columbia (USA)
Produsent Norman Smith, Joe Boyd
Pink Floyd-kronologi 
Delicate Sound of Thunder (1988) The Early Singles The Division Bell (1994)


The Early Singles er ei samleplate av Pink Floyd som berre er tilgjengeleg i plateboksen deira Shine On frå 1992. Det er ei samling av dei fem første singlane til bandet. Etter desse singlane gav ikkje Pink Floyd ut fleire singlar i heimlandet Storbritannia før 1979 og «Another Brick in the Wall, Part II».

Bortsett frå «Scarecrow», som var på The Piper at the Gates of Dawn (1967), og «Careful with that Axe, Eugene», som finst i ein konsertversjon på Ummagumma, er ikkje dei andre songane gjeve ut på studioalbum. Fleire spor har derimot dukka opp på tidlegare samleplater som Relics (1971) og Works (1983), men dette var første samlinga med alle singlane frå 1960-talet på ein stad.

Alle songane er skrivne av Syd Barrett, men mindre det står skrive noko anna.

  1. «Arnold Layne» – 2:57
  2. «Candy and a Currant Bun» – 2:47
    • Vokal: Syd Barrett
    • 1-2 gjevne ut som singel 11. mars 1967
  3. «See Emily Play» – 2:54
    • Vokal: Syd Barrett
  4. «Scarecrow» – 2:10
    • Vokal: Syd Barrett
    • 3-4 gjevne ut som singel 17. juni 1967
  5. «Apples And Oranges» – 3:08
    • Vokal: Syd Barrett
  6. «Paintbox» (Rick Wright) – 3:47
    • Vokal: Rick Wright
    • 5-6 gjevne ut som singel 18. november 1967
  7. «It Would Be So Nice» (Rick Wright) – 3:46
    • Vokal: Rick Wright
  8. «Julia Dream» (Roger Waters) – 2:35
  9. «Point Me At The Sky» (Roger Waters)– 3:35
  10. «Careful with That Axe, Eugene» (David Gilmour/Roger Waters/Rick Wright/Nick Mason) – 5:44
    • Instrumental
    • 9-10 gjevne ut som singel 7. desember 1968

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]