Tavastehus
Utsjånad
Tavastehus | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Finland | ||
---|---|---|---|
Areal | 1 785,35 km² | ||
Folketal | 68 288 (29. februar 2024)[1] | ||
Tavastehus 60°59′40″N 24°28′00″E / 60.994444444444°N 24.466666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Hämeenlinna |
Tavastehus (finsk Hämeenlinna) er ein by og ein kommune i Kanta-Häme i Finland. Kommunen, som har over 67 000 ibuarar, har ei flatevidd på 2 031,5 km² fordelt på to åtskilde landområde. Byen ligg 98 km nord for Helsingfors, og 75 km søraust for Tammerfors.
Finsk språk er heilt dominerande i kommunen.
Soge
[endre | endre wikiteksten]Tavastehus vart formelt sett ein by i 1639, under Per Brahe den yngre si tid som Sveriges generalguvernør over Finland. I 1778 vart byen flytta ein kilometer sørover, der bysentrum framleis er.
Etter ein brann i 1831 vart Tavastehus oppattbygt etter ein heilskapleg byplan med breie gater. Byen fekk jarnbanesamband med Helsingfors i 1862, langs Finlands første jarnbanestrekning.
Ymse
[endre | endre wikiteksten]Komponisten Jean Sibelius var frå Tavastehus.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tavastehus» frå Wikipedia på svensk, den 30. november 2013.