Talnakh
Utsjånad
Talnakh Талнах | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Russland | ||
Føderasjonssubjekt | Krasnojarsk kraj | ||
Grunnlagd Bystatus |
1618 1929 | ||
Geografi | |||
Innbyggjarar - Totalt (2002) |
58 654 | ||
Koordinatar | 69°30′N 88°24′E / 69.500°N 88.400°E | ||
Diverse annan informasjon |
Talnakh (russisk Талнах) er ein del av byen Norilsk i Krasnojarsk kraj i Russland. Talnakh var tidlegare ein egen by, men vart i 2005 slått saman med Norilsk. Han ligg rundt 25 kilometer nord for Norilsk, ved foten av Putoranfjella på Tajmyrhalvøya.
Byen er heimstad for gruvene som forsyner produksjonen av nikkel og andre metall i Norilsk sin metallurgiske industri. Mineralet talnakhitt er kalla opp etter Talnakh.
Frå 2001 vart det innført reiserestriksjonar for utlendingar og russarar som ikkje var busett i området og Talnakh var dermed ein såkalla lukka by. Restriksjonane gjeld òg etter samanslåinga i 2005, sidan òg Norilsk er ein lukka by.
Folketal
[endre | endre wikiteksten]Utvikling i folketal | |||||||
År | 1970 | 1979 | 1989 | 2002 | |||
Folketal | 9300 | 33 400 | 62 800 | 58 700 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Talnakh» frå Wikipedia på bokmål, den 17. januar 2009.