Symfoni nr. 13 av Mozart
K. 112 Symfoni av Wolfgang Amadeus Mozart | |||
Periode | Wienerklassisismen | ||
---|---|---|---|
Komponert | 1771 | ||
Urframføring | November 1771 | ||
Typisk lengd | 12:59 | ||
Satsar/akter | 4 | ||
Toneart | F-dur |
Symfoni nr. 13 i F-dur, K. 112, av Wolfgang Amadeus Mozart, vart skriven i Milano hausten 1771. Symfonien er i fire satsar, og den andre er instrumentert berre for strykarar.[1] Verket har originalitet og humor, og nyttar særs få instrument.[2] Den tredje satsen, menuetten, kan ha vorte skriven tidlegare og innlemma i symfonien. Det signerte manuskriptet syner at menuetten vart kopiert av Leopold Mozart.[1] Nicholas Kenyon skildrar Symfoni nr. 13 som den siste i «tradisjonell form»—etter dette «er vi i byrjinga av ei anna verd»[3]
Satsar og instrumentering
[endre | endre wikiteksten]Instrumenteringa var strykarar, 2 oboar, 2 horn, fagott, continuo[1]
Framføring
[endre | endre wikiteksten]Den første framføringa var truleg på ein konsert med Leopold og Wolfgang Mozart i bustaden til Albert Michael von Mayr, den 22. eller 23. november 1771.[1] På denne konserten kan ein òg kanskje for første gong ha høyrt Mozarts 12. symfoni.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Symphony No. 13 (Mozart)» frå Wikipedia på engelsk, den 27. desember 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Dearling, Robert: The Music of Wolfgang Amadeus Mozart: The Symphonies Associated University Presses Ltd, London 1982 ISBN 0-8386-2335-2
- Kenyon, Nicholas: The Pegasus Pocket Guide to Mozart Pegasus Books, New York 2006 ISBN 1-933648-23-6
- Zaslaw, Neal:Mozart's Symphonies: Context, Performance Practice, Reception OUP, Oxford 1991 ISBN 0-19-816286-3
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Sinfonie in F KV 112: partitur og kritisk rapport (tysk) i Neue Mozart-Ausgabe
- Symphony No. 13: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.