Svensk Pommern
Svenska Pommern Schwedisch Pommern Svensk Pommern | |||||
Svensk maktområde, Stat i Det tysk-romerske riket | |||||
| |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Svensk Pommern (oransje) i Det svenske imperiet i 1658 | |||||
Hovudstad | Stettin (1630-1720) Greifswald (1720-1814) | ||||
Språk | Nedertysk/tysk, svensk | ||||
Religion | Lutheranisme | ||||
Styreform | Fyrstedøme | ||||
Hertug | |||||
- 1630-1632 | Gustav II Adolf (første) | ||||
- 1809–1814 | Karl XIII (siste) | ||||
Generalguvernør | |||||
- 1633–1641 | Sten Svantesson Bielke (første) | ||||
- 1800–1809 | Hans Henric von Essen (1755–1824) (siste) | ||||
- 1809–1814 | Direkte styre | ||||
Historie | |||||
- Stettin-traktaten | 10. juli 1630 | ||||
- Freden i Westfalen | 24. oktober 1648 | ||||
- Stettin-traktaten | 4. mai 1653 | ||||
- Freden i Stockholm | 12. januar 1720 | ||||
- Kielfreden - Wienerkongressen |
14. januar 1814 4./7. juni 1815 | ||||
- Avstått til Preussen | 23. oktober 1815 |
Svensk Pommern (svensk Svenska Pommern; tysk Schwedisch-Pommern) var eit maktområde under den svenske krona frå 1600-talet til 1800-talet, langs det som i dag er kysten av Austersjøen i Tyskland og Polen. Etter den polsk-svenske krigen og trettiårskrigen, fekk Sverige kontroll over store område langs sørkysten av Austersjøen, mellom anna Pommern og delar av Schlesien og Preussen.
Sverige, som hadde halde til i Pommern med ein garnison i Stralsund sidan 1628, hadde fått effektiv kontroll over Hertugdømet Pommern med Stettin-traktaten i 1630. Med freden i Westfalen i 1648 og Stettin-traktaten i 1653, fekk Sverige Vest-Pommern eller Vorpommern med øyane Rügen, Usedom og Wolin og ei stripe av Aust-Pommern, eller Hinterpommern. Sverige heldt dei pommerske delane av Tyskland som eit len i Det tysk-romerske riket som Reichsfürsten (riksfyrstar).
I 1679 mista Sverige det meste av områda av Pommern aust for Oder med Saint-Germain-en-Laye-traktaten og i 1720 mista Sverige det meste av områda sør for elvane Peene og aust for Peenestrom med freden i Stockholm. Desse områda vart avstått til Brandenburg-Preussen og vart innlemma i Brandenburgsk Pommern. I 1720 fekk òg Sverige attende kontrollen over resten av Pommern med freden i Frederiksborg, etter at desse vart tapt til Danmark i 1715. I 1814, som følgje av napoleonskrigane vart Svensk Pommern avstått til Danmark i byte mot Noreg i Kielfreden og i 1815, etter Wienerkongressen, vart det overført til Preussen.
Generalguvernørar
[endre | endre wikiteksten]- Sten Svantesson Bielke (1633-)
- Lennart Torstenson (1641-1648)
- Carl Gustaf Wrangel (1648-1650)
- Johan Oxenstierna (1650-1652)
- Axel Lillie (1652-)
- Otto Wilhelm Königsmarck (1679-1685)
- Nils Bielke (1687-1698)
- Johan August Meijerfeldt d.e. (1713-1747)
- Hans Henrik von Liewen d.y. (1766-1772)
- Carl Fredrik Sinclair (1772-1776)
- Fredrik Vilhelm von Hessenstein (1776-1791)
- Eric Ruuth (1792-1796)
- Philip von Platen (1796-1800)
- Hans Henric von Essen (1800-1807)
- Okkupert av Frankrike (1807-1809)
- Hans Henric von Essen (1809-1815)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Swedish Pomerania» frå Wikipedia på engelsk, den 16. november 2010.