Hopp til innhald

Sven Nielsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sven Nielsen

Fødd18. mars 1883
Stavanger
Død21. januar 1958 (74 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, offiser, forretningsdrivande
Utdanna vedKrigsskolen
Alle verv

Sven Nielsen (18. mars 188321. januar 1958) var ein norsk næringsdrivar og politikar frå Stavanger, stortingsrepresentant for Høgre frå 1934 til 1953. Tida 1940-45 var han statsråd i Regjeringa Nygaardsvold.

Liv og gjerning

[endre | endre wikiteksten]

Nielsen var son til ein skipper. Sjølv vart han student i 1902 og gjekk krigsskulen, offiser frå 1906. Etter å ha arbeidd på ei teiknekontor i USA eitt års tid, var han 1908-10 lærar ved underoffiserskulen i Harstad. Han var så kompanisjef ved 6. divisjon, før han 1913-16 overlærar ved den høgre allmennskulen i Narvik.

Frå 1917 til -25 var Nielsen øvste sjef i forsikringsselskapet Kysten A/S i Harstad. Sidan hadde han tilsvarande stilling i Stavanger Sjøforsikringsselskap A/S til 1947. Han var 1923-25 ordførar i Harstad.

Nielsen vart vald inn på Stortinget hausten 1934 og vart attvald tre gongar, alle gongane representerte han Høgre og kjøpstande i Vest-Agder og Rogaland. Den 22. mai 1940 vart han utnemnd til konsultativ statsråd i Nygaardsvold-regjeringa. Frå 12. mars til 25. juni 1945 var han handelsminister. Han var med i regjeringsdelegasjonen som frå 14. mai 1945 styrte i Noreg på vegner av regjeringa, til heile regjeringa vende tilbake til Noreg frå eksilet i London. På Stortinget var han formann i Militærkomiteen 1945-49, og medlem av Utanriks- og konstitusjonskomiteen 1950-53.