Sveinung O. Flaaten
Sveinung O. Flaaten | |||
| |||
Fødd | 25. januar 1898 Lisleherad | ||
---|---|---|---|
Død | 11. juni 1962 (64 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar, bonde, lærar | ||
Alle verv |
|
Sveinung Olavsson Flaaten (25. januar 1898–11. juni 1962) var ein norsk gardbrukar, skogeigar og politikar frå Lisleherad i Telemark. Han var stortingsrepresentant frå Telemark for partiet Høgre frå 1961 til han døydde i 1962.
Flaaten voks opp i Lisleherad. Etter artium i 1918 og lærarprøva i 1923 underviste han ved Notodden kommunale høyere allmennskole, før han i 1929 overtok farsgarden med store skogeigedommar. I tillegg dreiv han eit lite sagbruk.[1]
Flaaten fekk mange verv innom skogbruket, så som formann i Lisleherad skogeierlag, styreformann i Telemark tømmersalgslag, styremedlem i Norges Skogeierforbund og styremedlem i Østlandets skurlastmåling. Elles var han skjønns- og takstmann vedkomande vassdragsreguleringar og kraftoverføringar.[1][2][3]
Både før og etter den tyske okkupasjonen var Flaaten i fleire år heradsstyre-medlem i Heddal, vald på borgarlege felleslister, frå 1959 på Høgre-lista. 1960–61 var han ordførar i Heddal. Hausten 1961 vart han vald inn på Stortinget frå Telemark og fekk plass i Finans- og tollkomitéen.[1][4] Frå 21. april 1962 var han sjukepermittert, og døydde på Rikshospitalet den 11. juni.[4][5] I minnetalen skildra stortingspresident Nils Langhelle honom som «en elskverdig og stillfarende medarbeider».[4] Han vart gravlagd frå Lisleherad kyrkje.[6]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Sveinung O. Flaaten». Stortinget.no.
- ↑ Flaaten, Sveinung O. og Landsverk, S.A. (1960). Skogbruk i Lisleherad i gammel og ny tid. Lisleherad skogeierlag. s. 90.
- ↑ Østvedt, Einar (1963). Fløtning i Telemark gjennom 300 år. Skiensvassdragets fellesfløtningsforening. s. 445–449.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 «Sveinung O. Flaaten minnes i Stortinget». Aftenposten (morgen utg.): 2. 13. juni 1962.
- ↑ Teledølen, 27. april 1962, s. 1
- ↑ «Stortingsmann Sveinung O. Flaaten stedt til hvile». Aftenposten (aften utg.): 2. 16. juni 1962.
- stortinget.no
- Denne artikkelen bygger på «Sveinung O. Flaaten (1898–1962)» frå Wikipedia på bokmål, den 30. desember 2023.