Svak vind
Utsjånad
Svak vind er vindstyrke 2 på Beaufortskalaen. Det er den nest svakaste vindstyrken med ein vindsnøggleik på 1,6 til 3,3 m/s eller 7-11 km/t. Den eldre sjønemninga er laber bramseils kuling.
Verknad på land
[endre | endre wikiteksten]Ein kan kjenne vinden. Blada på trea rører seg. Vinden kan løfte små vimplar.
Verknad i fjellet
[endre | endre wikiteksten]Kjennest godt i sterk kulde. Snøfillene rører seg meir horisontalt enn vertikalt.
Verknad på sjøen
[endre | endre wikiteksten]Små korte, men tydelege bølgjer (0,2 m) med glatte kammar som ikkje brekker.
Andre språk
[endre | endre wikiteksten]Språk | Namn |
---|---|
Svensk | Lätt (laber) bris |
Dansk | Svag vind |
Færøysk | Lot |
Islandsk | Kul |
Engelsk | Light breeze |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]vind «Svak vind» i Store norske leksikon, snl.no.