Stortingsvalet 1969
Stortingsvalet 1969 var eit stortingsval i Noreg, hausten 1969. Oppslutninga var på 83,8 %. Det vart vald 150 stortingsrepresentantar. Valet var særs jamt mellom venstresida og høgresida. Ein kunne kome i den situasjonen at kvar side skulle få 75 representantar kvar. Då ville det ha vorte problematisk å avgjera kven som skulle danna regjering. Før stortingsvalet 1973 vart det lagt til fem ekstra mandat, for å unngå ein slik situasjon. Arbeidarpartiet gjekk fram i høve til stortingsvalet 1965, og fekk mest åleine halvdelen av alle mandata i Stortinget. Venstresida fekk ikkje fleirtal i Stortinget, i og med at Sosialistisk Folkeparti gjekk attende og ikkje fekk representantar denne gongen.
Resultat
[endre | endre wikiteksten]Parti | Del av røystene (%) | Endring i høve til 1965 | Mandat | Endring i høve til 1965 |
---|---|---|---|---|
Arbeidarpartiet | 46,5 | + 3,4 | 74 | + 6 |
Høgre | 18,8 | - 1,5 | 29 | - 2 |
Senterpartiet | 9,0 | - 0,4 | 20 | + 2 |
Kristeleg Folkeparti | 7,8 | 0 | 14 | + 1 |
Venstre | 9,4 | - 0,8 | 13 | - 5 |
Sosialistisk Folkeparti | 3,4 | - 2,6 | 0 | - 2 |
Noregs Kommunistiske Parti | 1,0 | - 0,4 | 0 | 0 |
Noregs Demokratiske Parti | 0,03 | + 0,02 | 0 | 0 |
Samefolkets Liste | 0,02 | + 0,02 | 0 | 0 |
Borgarlege felleslister | 3,8 | + 2,0 | 0¹ | 0 |
Fellesliste av Sosialistisk Folkeparti og Noregs Kommunistiske Parti | 0,1 | + 0,1 | 0 | 0 |
Total | 100 | 0 | 150 | 0 |
¹Mandat frå borgarlege felleslister fordelt på einskilde parti.
Dei borgarlege felleslistene var:
- Høgre og Kristeleg Folkeparti i Bergen
- Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet i Akershus, Troms og Vestfold
Statistisk Sentralbyrå lagar ein statistikk over valresultatet med felleslistene oppløyst på dei einskilde partia. Resultata for desse partia på landsbasis vert då:
Politisk parti | Røyster i prosent | Endring frå 1965 |
---|---|---|
Høgre | 19,6 | - 1,5 |
Kristeleg Folkeparti | 9,4 | + 1,3 |
Senterpartiet | 10,5 | + 0,6 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Statistisk Sentralbyrå
- Stortingsforhandlinger 1969-70 (Oslo, 1970)