Slangen
Slangen | |
---|---|
Latinsk namn | Serpens |
Forkorting | Ser |
Genitivsform | Serpentis |
Symbologi | Frå Babylon |
Rektasensjon | Serpens Caput: 16 h Serpens Cauda: 18 h |
Deklinasjon | Serpens Caput: +10° Serpens Cauda: −5° |
Areal | 637 kvadratgrader nr. 23 av stjernebilda |
Stjerner sterkare enn mag. 3 |
1 |
Sterkaste stjerne | α Ser (Unukalhai) (2,63. mag.) |
Meteorsvermar | |
Tilgrensande stjernebilde |
Serpens Caput: Serpens Cauda: |
Synleg mellom breiddegradane +80° og −80° | |
Slangen (frå latin Serpens) er eit todelt stjernebilde rundt ekvator på himmelkvelvinga. Det er eit av dei 48 stjernebileta oppførte av astronomen Klaudios Ptolemaios på 100-talet, og er i dag eit av dei 88 moderne stjernebileta. Det er unikt blant dei moderne stjernebileta fordi det er delt inn i to usamanhengande område, Serpens Caput (Slangehovudet) i vest og Serpens Cauda (Slangehalen) i aust. Mellom desse to halvdelane ligg stjernebiletet Slangeberaren.
Den mest lyssterke stjerna i Slangen er Unukalhai med ein tilsynelatande storleik på 2,63. Ein del av Mjølkevegen passerer gjennom Slangehalen og er derfor rik på djupromsobjekt, slik som Ørnetåka (IC 4703) og den tilknytte stjernehopen Messier 16. Denne stjernetåka måler 70 gonger 50 lysår og inneheld Skapingspillarane, tre støvskyer som er kjende for eit bilete teken av Hubbleteleskopet. I Slangehalen ligg òg Seyfertsekstetten, ein av dei tettaste kjende galaksehopane, og Arp 220, ein prototype på ein ultrstrålande infraraud galakse.
Slangehovudet grensar til Vekta i sør, Jomfrua og Bjørnepassaren i aust, Den nordlege krona i nord og Slangeberaren og Herkules i vest. Slangehalen grensar til Skytten i sør, Skjoldet og Ørna i aust og Slangeberaren i nord og vest. Det dekkjer i alt 636,9 kvadratgrader i alt, og er rangert som det 23. største stjernebiletet etter areal.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Serpens» frå Wikipedia på engelsk, den 10. juli 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: